NRK Meny
Normal

Alkoholfritt med sterkast vekst

Salet av alkoholfrie alternativ hos Vinmonopolet har dobla seg på fem år.

Vinmonopolet

ALKOHOLFRITT: Stadig fleire vel alkoholfrie alternativ når dei skal kose seg litt ekstra.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Problematikken om alkohol, julefeiring og barn er ikkje ny av året, og det er fleire kampanjar som har gått for å belyse det.

Tal frå Vinmonopolet viser at salet av alkoholfrie alternativ har dobla seg på fem år, basert på liter. I 2011 selde Vinmonopolet 168.000 liter alkoholfritt, medan dei i fjor selde 349.365 liter. Det er den varegruppa som har sterkast vekst.

Men det er likevel liten grunn til å tru at nordmenn har slutta å drikke alkoholhaldige varer.

Den totale omsetninga var i 2015 på 80,5 millionar vareliter, altså utgjorde alkoholfrie varer litt over 0,4 prosent.

Desember dobbelt så bra

I desember ser dei ei dobling av det totale salet. I fjor låg det på over 10 millionar vareliter, medan det til vanleg brukar å ligge på 5–6 millionar i november.

Sjølv om omsetninga på alkohol omtrent er dobla i desember, trur ikkje Vinmonopolet konsumet aukar like mykje.

Dei sel fleire enkeltflasker, og spesielt er det litt dyrare vinar som går unna i advent. Mange av desse flaskene er forventa å ligge under norske juletre, då dei på same tid sel halvparten av alle vininnpakningane i desember.

Ønsker ei "kvit jul"

Ei kampanje som har gått i førjula er Hvit jul, der vaksne kan signere på ei "kontrakt" der ein lovar å ikkje drikke alkohol når ein er saman med barn i julehelga.

Deira målsetning er å nå 14.000 signerte kontraktar.

Frid Hansen, seniorrådgjevar og psykologspesialist hos Borgestadklinikken, synst det er eit artig påfunn, men meiner det ikkje nødvendigvis er avhald som er den einaste måten å få til ei trygg feiring for barna.

– For nokon familiar kan dette vere ein okei ting, men det er ikkje nødvendigvis slik at all omgang med alkohol automatisk er skadeleg for barn. Men det er fint. Man kan også tenke «er alkohol så viktig for meg, at eg ikkje skal drikke under ei høgtid».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger