Fregatten fekk åtvaringar om at han var på kollisjonskurs

Det var kontakt mellom KNM Helge Ingstad og sjøtrafikksentralen på Fedje før kollisjonen natt til søndag. Det stadfester trafikksentralsjef Arnt Runar Sæverøy fredag formiddag til TV 2.

Fregatten KNM Helge Ingstad står i fare for synke.

Ifølgje nettavisa aldrimer.no skal KNM «Helge Ingstad» ha fått fleire åtvaringar om at dei kunne vere på kollisjonskurs med tankskipet før ulukka skjedde.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi kan stadfeste at det var kontakt mellom fregatten og trafikksentralen på Fedje i forkant av kollisjonen, seier Sæverøy til kanalen.

Fregatten KNM «Helge Ingstad» skal ha blitt kalla opp fleire gongar av både tankskipet «Sola» og sjøtrafikksentralen på Fedje om at fartøyet låg på mogleg kollisjonskurs med tankaren, skriv nettstaden aldrimer.no. Fregatten skal ha svart at dei hadde kontroll.

Kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola» torsdag morgon verkar underleg for mange. Men no fortel fleire kjelder til nettstaden aldrimer.no at fregatten blei åtvara fleire gongar mot at dei var på mogleg kollisjonskurs med tankskipet.

Kjetil Stormark

Redaktør Kjetil Stormark i aldrimer.no seier kjeldene deira uavhengig av kvarandre har stadfesta alle opplysningane dei har om kva som skjedde i minutta før samanstøyten mellom tankbåten og fregatten.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Både tankaren og sjøtrafikksentralen til Kystverket på Fedje skal ha kalla opp det militære fartøyet. Men brua på fregatten skal ha svart at dei hadde kontroll på situasjonen. Likevel skjedde ulukka kort tid etterpå.

Aldrimer.no skriv at kjeldene ønsker å vere anonyme av omsyn til politietterforskinga og granskinga til Statens havarikommisjon.

– Vi har svært gode kjelder som sit sentralt plassert, og som har stadfesta dei enkelte opplysningane. Både kva som blei sagt i kommunikasjonen mellom tankskipet og fregatten, og mellom sjøtrafikksentralen og fregatten, seier redaktør i aldrimer.no, Kjetil Stormark til NRK.

Ingen kommentar

Verken Sjøforsvaret eller Kystverket ønsker å kommentere opplysningane om kva som skjedde i minutta før samanstøyten mellom dei to skipa overfor aldrimer.no. Dei viser til at både politiet og Statens havarikommisjon skal granske ulukka.

– Vi har ikkje tilgang til denne informasjonen i dag. Så sjølv om vi hadde ønskt å kommentere, måtte vi ha undersøkt det nærare, seier talsmann for Forsvarets operative hovudkvarter, major Vegard Finberg til aldrimer.no

Men sjøtrafikksentralen på Fedje stadfestar overfor nettstaden at alle fartøy som skal ferdast i området har meldeplikt på minst ein time før dei kjem inn i farvatnet. Det gjeld både sivile og militære fartøy.

I området der kollisjonen skjedde er alle skip også pliktige til å høyre på VHF-kanal 80 for å kommunisere med andre båtar.

Store skadar

Fregatten fekk kraftige skadar på skroget etter kollisjonen. Ifølgje aldrimer.no sende KNM «Helge Ingstad» ut naudsignal kort tid etter kollisjonen. Skipet mista også motorkraft, og dreiv difor i skipsleia før dei fekk hjelp.

Tankbåten flerret opp KNM «Helge Ingstad»

Skroget på fregatten har fått store skadar etter samanstøyten med tankskipet «Sola»

Foto: KV Bergen / Forsvaret

Mannskapet på 137 personar blei evakuert etter at skipet byrja å ta inn vatn og det blei røykutvikling om bord.

Det blir no arbeidd på spreng for å redde fregatten. Natt til fredag var Sjøforsvaret spente på korleis skipet ville bevege seg då sjøen flødde. Dei visste ikkje om det ville flytte på seg, eller om det kom til å søkke.

NRK har prøvd å kome i kontakt med både Sjøforsvaret og Kystverket for å få kommentarar til dei nye opplysningane i aldrimer.no, men har ikkje lukkast.

 Kystverkets overvåkningsfly har filmet fregatten KNM Helge Ingstad liggende på grunn ved Ådneset i Øygarden.

Kystverkets overvåkningsfly har filma fregatten KNM Helge Ingstad liggjande på grunn ved Ådneset i Øygarden.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger