Hopp til innhold

– Vi har aldri sett så mykje forsikringssvindel i Noreg

Fleire kvinner enn tidlegare gjer seg til svindlarar, men det er framleis menn og bilsvindel som toppar listene.

BMW forsikringssvindel

ARRANGERT ULUKKE: – Skadane på bilen stemde ikkje med hendingsgangen føraren gav opp, fortel Klaus Martin Arnesen i Fremtind forsikring. Det viste seg at ulukka var arrangert av to kameratar.

Foto: Fremtind forsikring

Etter dei tre første månadane av 2019, er forsikringssvindel for nesten 100 millionar kroner avslørt. Det er 30 millionar meir enn for same periode i fjor.

– Det bekymrar oss. Det er store uføresaker som trekkjer opp summen, fortel Stine Neverdal, kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Tala gjeld dei mest alvorlege sakene, der det samstundes er brot på forsikringsavtalelova. Det vart avdekt 344 saker på til saman nærmare 100 millionar kroner i første kvartal i år, mot 311 saker på 70 millionar kroner i fjor. Neverdal seier det truleg også er store mørketal.

– Folk gjer seg til kjeltringar for alt frå småpengar til millionbeløp, fortel ho.

Arrangerte bilkollisjon

Det er folk i alle samfunnslag som prøver å lure forsikringsselskapa. Unge menn toppar statistikken, og ein gjengangar blant dei er forsøk på svindel med bil.

Klaus Arnesen

FORSIKRINGSUTGREIAR: Klaus Arnesen jobbar i forsikringsselskapet Fremtind.

Foto: privat

Klaus Arnesen har bakgrunn frå politiet, og jobbar som utgreiar i forsikringsselskapet Fremtind. Han fortel at det i dag er vanskelegare å stele bilar, og at folk difor heller arrangerer ein kollisjon eller med vilje køyrer ut av vegen for å få forsikringsoppgjer.

– Eit døme er ei sak der to unge menn melde inn at dei hadde kollidert. Vi reagerte på hendinga fordi dette skjedde på kveldstid, på ein aude stad. Det er alltid ein indikator at det ikkje er vitne til stades, forklarar Arnesen.

Det var også fleire andre ting som skurra i saka. Arnesen møtte partane og fekk deira versjon, før forsikringsselskapet rekonstruerte hendinga. Det synte at kollisjonen var arrangert. Skadane på bilane stemde ikkje med opplysingane førarane hadde gitt, og undersøkingane viste at det eine førarsetet var tomt då samanstøyten skjedde.

Nissan bilsvindel

AVSLØRT: Føraren av denne Nissanen påstod at han sat i bilen og brukte bilbete då han vart påkøyrt. Bildøra er trykt ca. 19 cm inn. Det var glas i førarsetet, og bilbeltet var ikkje i den posisjonen det ville ha vore i om det hadde stramma seg som det gjer ved ein kollisjon.

Foto: Fremtind

Søk i databasen viste også at den eine føraren hadde meldt inn ein liknande kollisjon berre eit halvt år tidlegare. Den gong var forklaringa at han hadde blitt påkøyrt av ein varebil i ei rundkøyring. Også her viste rekonstruksjonen at bilen hadde stått stille då han fekk skadane.

– Det kom fram at problem med bilane var motivet for handlinga. Begge sakene er no melde til politiet, seier Arnesen.

Finansierer kosmetiske inngrep

Når det kjem til uføreforsikring, var det likevel flest kvinner som vart avslørte som svindlarar.

– Dei fortel kanskje at dei datt i arbeidstida, men så skada dei seg eigentleg på fylla, fortel Neverdal.

Saker som gjeld innbu- og reiseforsikring er også vanlege.

– Nokre oppgir at dei har hatt meir i kofferten enn det dei hadde. Andre fortel om hendingar på ei reise som ikkje har skjedd, eller at ein kamuflerer ein planlagd kosmetisk operasjon med eit alvorleg og akutt fall.

Oppdagar meir

Ein del av forklaringa på at det er avdekt så mykje svindel, er at det er meir merksemd rundt det i forsikringsselskapa.

Arnesen tykkjer likevel det er vanskeleg å fastslå kvifor det er ein auke i avdekte saker i år.

– Men det er ei kjensgjerning at nokre meiner at forsikringsselskapa er griske, og difor legg på litt ekstra for å ta igjen det dei har betalt i premie. Andre er notoriske og gjer det bevisst gong på gong i ulike selskap. Fellestrekket er vel at dei ser ei moglegheit, og har vilje og motiv til å gjere det.

– Men kvifor er auken så markant?

– Det kan òg vere fordi fleire av selskapa har installert overvakingssystem som søkjer i skadesaker som kjem inn. Systema søkjer etter kriterium som kan seie om dette er ein kunde som forsøker å bedra fellesskapet eller ikkje, forklarer Arnesen.

Går ut over alle

Dei som prøver seg på svindel risikerer forsikringsnekt, politimelding og fengsel.

Stine Neverdal

Stine Neverdal, kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Foto: CF Wesenberg

– Det som er ille med svindel, er at det har følgjer for alle kundane våre. Forsikringsselskapa sett av pengar til å betale ut erstatning til dei kundane som treng det. Når svindlarar opererer i dette segmentet, stel dei faktisk pengar frå kvar og ein av våre kundar, seier Arnesen.

Neverdal i Finans Norge viser til at dei fleste likevel opptrer lovlydig.

– Dei aller fleste kundane er ærlege, men dei som svindlar, dei svindlar fellesskapet.

AKTUELT NÅ