NRK Meny
Normal

Al-Assad: – Ei samansverjing mot Syria

Syria avviser forslaget til Den arabiske liga om å overføra makta i det krigsherja landet frå presidenten til ei ny samlingsregjering.

Syrias president Bashar al-Assad

Preident Bashar al-Assad tviheld på makta i Syria, trass i sterkt press frå det internasjonale samfunnet.

Foto: STRINGER / Reuters

Syriske styresmakter snur måndag ryggen til det ferske forslaget frå Den arabiske liga.

«Planen er ein del av ei samansverjing mot Syria», heiter det i ei fråsegn frå syriske styresmakter.

Det nye resolusjonsutkastet føreslår at president Bashar al-Assad gjev frå seg makta til første visepresident, som vil inngå eit samarbeid med ei nasjonal samlingsregjering der opposisjonen også er inkludert.

Ligaen bad i går tryggingsrådet i FN om støtte til planen.

«Syria avviser avgjerder tekne i ministerrådet til Den arabiske liga (..) og ser på dei som brot på prinsippet om nasjonal suverenitet og ei openbar innblanding i interne forhold», uttalar regimet måndag.

Frie val og ny grunnlov

Samlingsregjeringa skal ifølgje resolusjonen ta form innan to månader. Ein kandidat som har støtte frå dei ulike partia skal leia organet, som har som oppgåve å løysa den blodige og fastlåste krisa i Syria ved å få i stand frie og rettferdige presidentval med internasjonale observatørar til stades.

Samlingsregjeringa skal i tillegg førebu val på ei ny lovgjevande forsamling innan tre månader, og laga utkastet til ei ny grunnlov som folket skal stemma over.

Regimet til al-Assad har tidlegare slutta seg til ein fredsplan frå ligaen om å verna sivile, trekkja styrkane sine ut av område med tett busetnad, setja fri fangar og gå inn i forhandlingar med opposisjonen. Men ifølgje menneskerettsaktivistar har ikkje regimet oppfylt lovnadene.

Ifølgje FN er meir enn 5000 menneske drepne i uroa i Syria dei siste ti månadene. Over 100 skal ha vorte drepne ulike stader i landet i løpet av helga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger