NRK Meny
Normal

Fryktar aksjonistane jublar for tidleg

Aksjonistgruppa for å bevare akuttkirurgi ved sjukehuset i Odda jubla i dag og gratulerte kvarandre med dagen. Men Senterpartiet fryktar dei blir lurt av helseministeren.

Kjersti Toppe (Sp) på demonstrasjon for Odda sjukehus

BLIR LURT: Kjersti Toppe (Sp) vil ikkje bli med på feiring og fryktar aksjonistane blir lurt.

Foto: Astrid Randen / NRK
Astrid Randen
Journalist

– Det er ein fare for at dei blir lurt. For vedtaket helseministeren har gjort er høgst tolkbart. Det omhandlar verken akuttkirurgi eller traumefunksjon. Me må vente å sjå kva dette betyr i praktisk politkk, seier helsepolitisk talsperson i Senterpartiet Kjersti Toppe.

Vunne fram?

Demonstrasjon for sjukehuset i Odda utanfor Stortinget

DEMONSTRASJON: Aksjonistane meiner dei har vunne fram.

Foto: Astrid Randen / NRK

– Demonstrantane har kjempa i lang tid. Og no har me vunne fram, seier ordførar i Odda, Roald Aga Haug.

Mandag samla opp mot 100 oddingar seg framfor Stortinget. Dei gratulerte kvarandre med dagen og meinte no at ein langvarig kamp for å behalde akuttkirurgi og tramueberedskap ved sjukehuset var ført fram.

Akuttkirurgien ved Odda sjukehus har vore utsett i lang tid og i byrjinga av april gjekk styret i Helse vest å legge den ned. Helseminister Bent Høie (H) lova å følgje opp. Men opposisjonen varsla omkamp for sykehuset og helseministeren snudde.

– No er vi i ferd med å få innfridd krava våre. Det handlar om tryggleik i kvardagen, inst i fjordane der det ofte er stengde vegar og ambulansehelikopter ikkje kan lande, seier Terje Kollbotn, leiar for LO i Indre Hardanger.

Klamrar seg til lovnadar

– Aksjonistgruppa klamrar seg til nye lovnader, men dei er ikkje presise nok. Folk oppfattar at akuttkirurgi og traumefunksjon bli vidareført, men det står ikkje nokon stad at dette kjem til å skje, seier Kjersti Toppe som meiner det er høgst uklart kva som blir det endelige resultatet.

– Vi har lang erfaring med å forhandle om sjukehus. Eg veit kva som skal til for å snu helseforetaka sitt vedtak. Då er det mi erfaring at ein må vere presis og tydelig i bestillinga. Difor kan eg ikkje bli med å feire med dei andre her, for eg trur det ikkje før eg ser det.

Demonstrantane er høyrd

Demonstrasjon utanfor Stortinget

REISETID: Akuttkirurgien må bestå, det er alt for langt til nærmaste sjukehus, meiner aksjonistane.

Foto: Astrid Randen / NRK

Helseministeren Bent Høie (H) stilte seg først bak Helse vest si avgjersle om å legge ned den døgnkontinuerlege akuttkirurgiske beredskapen. Men etter store lokale protestar, seier helseministeren at han no har snudd.

– I denne saka har me lytta til demonstrantane. Bodskapen deira 1. mai var klar. Dei ville ikkje akseptere at deira tryggleik og beredskap blei svekka. Det kjem den heller ikkje til å bli, seier Høie.

– Kan du sikre at det blir døgnbasert akuttkirurgi ved sjukehuset i Odda?

– Måten dette blir organisert på mellom legane på sjukehuset, det tek me ikkje stilling til på nasjonalt nivå, som seier han kan garantere er at det skal vere kirurg tilgjengelig 24 timar i døgnet og at dei skal kunne handtere alvorlig skadde pasientar og kirurgiske pasientar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger