Hopp til innhold

NRK-profil sluttar: – Det er møta med veldig mange flotte folk som sit mest igjen

Kulturkommentator Agnes Moxnes (67) har jobba i NRK halve livet. I dag har ho sin siste arbeidsdag.

Agnes Moxnes i "hippiebua".

Agnes Moxnes går no inn i eit nytt tilvære. – Det kjennest veldig bra, seier ho.

Foto: Nuno Duarte / NRK

Endringane har vore store gjennom Agnes Moxnes sitt yrkesaktive liv. Både innanfor medie- og kulturfeltet.

– Plattformene har utvida seg dramatisk sidan eg byrja. Då var det berre papiraviser, NRK radio og NRK TV, seier Agnes Moxnes.

I snart 35 år har ho jobba i NRK. No skal ho pensjonera seg. Det kjenner ho seg klar for.

– Eg har brukt lang tid å bestemma meg, men eg tenkjer det er fint å slutta no.

– Det er fint å kunna velja sjølv, og ikkje bli sparka ut, seier Agnes Moxnes med eit glimt i auga.

Agnes Moxnes viser kunsten ho har i huset

I huset til Moxnes heng det kunst på kvar vegg. Biletet ho tykkjer er mest stas å ha på veggen, er eit portrett av ho sjølv, laga av Håkon Bleken.

Foto: Nuno Duarte / NRK

Pangstart på karrieren

At alle er fødde med interesser for kunst og kultur, meiner kulturkommentatoren er klart. Men at ho blei kulturjournalist trur ho er litt tilfeldig.

Når karrieren starta, har ho derimot tenkt mykje på.

Året var 1971. Gjennom ungdomsklubben ho gjekk i, melde ho seg frivillig til å gjera eit bandintervju som skulle sendast på NRK-programmet «Ungdommens radioavis».

– Den dagen det blei sendt gjekk radioen vår i stykke, så eg fekk aldri høyrt det, seier ho.

Intervjuet blei berre eit vagt minne.

– Men så tenkte eg då eg byrja i NRK; har ikkje eg intervjua Black Sabbath og Ozzy Osbourne?

Jo, det hadde ho. I 1971 reiste bandet på noregsturne.

– Det var debuten som kulturjournalist, så eg starta på toppen kan ein jo seia.

Agnes Moxnes går no av med pensjon.

Agnes Moxnes fortel med engasjement om åra som kulturjournalist og kulturkommentator.

Foto: Nuno Duarte / NRK
Agnes Moxnes fortel om livet som kulturjournalist.

No skal Agnes Moxnes gå av med pensjon. Etter 35 år i jobben.

Foto: Nuno Duarte / NRK
Axel Moxnes er glad i å lesa bøker.

Men pause frå kunst og kultur skal ho ikkje ha.

Foto: Nuno Duarte / NRK

Hennar andre sak var eit intervju med Kjartan Fløgstad. Han hadde nett vunne Nordisk råds litteraturpris for «Dalen Portland», som den yngste forfattaren nokosinne. Agnes Moxnes studerte og hadde hatt ei førelesing med han. Ho var bergteken.

– Då ringde eg Adresseavisen og spurte om dei var interesserte i eit intervju med han. Og så ringde eg han. Eg drakk meg vel til mot, seier Moxnes og ler.

Intervjuet gav sommarjobb i avisa. Så jobba ho fem år i kulturredaksjonen Nationen før ho byrja i NRK.

Frå journalist til kommentator

Minna er mange etter dei 35 åra i NRK.

– Det er møta med veldig mange flotte folk som sit mest igjen, fortel ho.

Ho trekkjer fram tida som programleiar i Kulturbeitet og arbeidet med radiodokumentarar som særskilt viktig for ho.

Radiodokumentaren med Kjell Askildsen er noko av det ho er stoltast av å ha gjort. Ho hugsar enno då ho sat og las gjennom alt han hadde skrive. Det trekkjer ho fram som eitt av høgdepunkta i samlinga over hennar kulturelle opplevingar.

– Eg brukte nokre ekstra minutt på dei siste setningane, fordi eg håpa det aldri tok slutt, fortel ho.

God kulturjournalistikk beskriv Moxnes som velskrive, oppdatert og overraskande

– Og møtet med menneske og formidla tankar som er i tida. Men det er sjølvsagt også å følgja med eit kritisk blikk kven som styrer utviklinga, og kva for nokre krefter som motarbeider utviklinga.

Agnes Moxnes i hagen

Agnes Moxnes fortel at ho kjem til å hugsa alle møta ho har fått ha gjennom jobben.

Foto: Nuno Duarte / NRK

I ti år har ho no vore kulturkommentator. Moxnes fortel at ho er stolt over at ho sa ja. Omstillinga frå journalist til kommentator var stor.

– Største forskjellen var et eg inntil då hadde levd av å stilla spørsmål. No skulle eg svara på dei.

Ho erkjenner at ho likar dårleg å gjera feil.

– Og så er eg ikkje ein verdsmeister-type som tenkjer at dette beherskar eg. Det har vore ei krevjande og utruleg lærerik tid, som eg er så glad for. Hjernetrim kvar dag. Og så alle dei fantastiske kollegaane eg har hatt.

– Truverd og tillit

Spør ein sjefane hennar, er det ingen tvil om at Moxnes har meistra jobben godt.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier at ho har vore ei sterk stemme for NRK på kulturfeltet.

– Alltid engasjert og godt opplese. Ho beherskar alle dei journalistiske formata våre, frå djupnelesing til kjappe innslag i Dagsrevyen. Vi treng kommentatorar som evnar å forklara kompliserte saker og setja dei i samanheng, og der har Agnes vore god, seier han.

Marianne Ytre-Eide, som er redaksjonssjef for kultur og underhaldning i NRK Nyheter, meiner Moxnes er blant landets mest kunnskapsrike innanfor feltet kultur.

– Ho har ei tydleg stemme som både er analyserande og meiningsberande. Ho har betydd mykje, fordi ho har truverd og tillit både i kulturbransjen og utanfor. Ho lyttar og analyserer – i den rekkjefølgja, seier ho.

Nye tider

Dei siste ti åra meiner ho kulturjournalistikken har vore prega av konsentrasjon av kulturmakt, med dei store, globale nettverka. At heile verda ser dei same seriane og filmane, og høyrer på den same musikken til same tid.

Og at kulturjournalistikken naturleg nok har blitt prega av sosiale medium.

– Eg tenkjer at det er mykje her eg ikkje får puls av lenger. Det er sjeldnare eg tenkjer; Å, dette er interessant. Då er det fint å slutta no, seier ho.

Det siste året vil også vera eit år for minnebøkene. Koronapandemien blei alt anna enn ei kvilepute for kulturkommentatoren.

– Ved sida av reiseliv, er det kultur som er hardast ramma av pandemien. Det har påverka jobben min i veldig, veldig stor grad.

Agnes Moxnes i "hippiebua".

«Hippiebua» i hagen har Agnes Moxnes brukt som heimekontor under pandemien.

Foto: Nuno Duarte / NRK

No startar eit nytt tilvære. Kulturopplevingane skal det bli fleire av. I tillegg skal ho rydda.

Og kasta.

Med kulturjournalisthatten liggjande på hylla, har ho likevel eit håp for framtida:

– At kulturjournalistikken tar på djupt alvor behovet for kvalitet i alle ledd. Det er den kulturen og kunsten som overlever, seier ho.

Fem om Moxnes:

Aschehoug presenterer høstens bøker.

Tom Egeland

Forfattar

– Å måla enkeltjournalistar si tyding for norsk kulturliv er inga enkel øving då kulturlivet held seg til summen av mange stemmer. NRK er utvilsamt eitt av dei aller viktigaste mediehusa i Noreg, og det er ei plattform som forpliktar. Både som kulturjournalist, og dei siste ti åra også som kulturkommentator, har Moxnes vore svært viktig i dette koret av ulike stemmer. 

– Moxnes har alltid hatt ei djup forståing for særpreget til kulturen. Eg har sjølv erfart korleis Moxnes ringer rundt til kulturarbeidarar for å setja seg inn i – og forstå – komplekse, kulturpolitiske stridstema og problemstillingar. Viljen til å trengja djupt inn i eit emne er heilt avgjerande når du så skal forklara og kommentera det for lyttarar og sjåarar. I så måte har Moxnes vore ein uvurderleg NRK-medarbeidar. Ho har alltid stått fram med autoritet, truverd og innsikt i dei sakene ho har dekkja. Samstundes har ho vore solid forankra i nyheitstradisjonen til NRK. Det er viktig! 

– God kulturjournalistikk tar pulsen på kulturlivet som ein naturleg del av det laupande nyheitsbiletet. At ho i si tid tok i mot «Lytterprisen», vitnar også om profesjonaliteten hennar.

Tone Østerdal

Tone Østerdal

Dagleg leiar for Norske Konsertarrangører

– Agnes Moxnes har gjennom ei årrekkje bidratt til å skapa auka forståing for norsk kulturliv hjå eit breiare publikum. Ho har vore viktig. Ho har vore ein ambassadør for feltet, samstundes som ho har kikka oss kritisk i korta. Ikkje alle greier å trekkja ut essens og forklara relativt samansette problemstillingar like godt som ho. Moxnes har levert treffsikre analysar, og fungert som eit viktig korrektiv utanfrå, samstundes som ho har vist djup innsikt og respekt for kulturfeltet.

– Moxnes har vore ein frontkjempar for kulturjournalistikken. Ei stødig kraft, som med kunnskap og kløkt har kome ut av skjermen og radiospelaren. Alltid roleg og sakleg, men tydleg engasjert. Ofte med eit glimt i augo. Som ein av hennar mange kjelder, opplever eg at ho alltid forsøker å forstå, men aldri lar meg sleppa unna utan kritiske spørsmål. Det går liksom ikkje an å «bullshitta» Agnes!

– Agnes har ein naturleg autoritet som ikkje er alle forunnt. Folk lyttar når ho snakkar. Og er ei som det alltid er interessant og morosamt å snakke med, sjølv om tematikken kan vera tung. Vanlegvis er eg litt skeptisk når folk blir i ein jobb veldig lenge, men i tilfellet Agnes måtte ho gjerne ha halde fram til ho hang i eit horn på veggen på Marienlyst.

Kristian Seltun, teatersjef.

Kristian Seltun

Teatersjef for Nationaltheatret

– Agnes Moxnes har eit sjeldant godt overblikk over norsk kulturliv og har ei særeigen evne til å få med seg det aller meste som skjer. Ho er høgt og lågt. Det sanneleg ikkje mange som har truverd og integritet til å kunna kalla seg kulturkommentator (det famnar breitt!) – men det har altså Agnes. NRK mistar ein stor kapasitet og ei viktig brikke i kulturdekninga si. 

– Kulturanalysane hennar har bidratt til å løfta norsk kulturliv fram som eit samfunns- og maktfelt, på linje med tradisjonelt «tyngre felt», som politikk og økonomi. Slik blir kulturhendingar meir enn underhaldning, konsumering og kjendiseri; dei blir drøfta, forklart og analysert, slik at vi skjønar tydinga av dei og kan gjera oss opp ei sjølvstendig meining. 

– Eg kjem til å sakna den kloke stemma hennar, som gir meg bakgrunnen for og innsikt i det som skjer på kulturfeltet. Det blir veldig spennande om ho blir erstatta, og av kven!

Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet

Kristin Danielsen

Direktør for Kulturrådet

– Agnes Moxnes har betydd mykje. Statskanalen si stemme blir lytta til og hennar analytiske og presise kommentarar i beste sendetid har plassert kultursektoren midt i nyheitsbiletet. Moxnes har alltid vore raskt ute med analysar av aktuelle saker, også nordiske og internasjonale, som nok har fått mange til å stå opp tidleg om morgonen. Ho har halde oss i øyro og minna oss om å sjå utover eigne bobler. 

– Moxnes har betydd svært mykje for kulturjournalistikken vil eg meina. Der kulturjournalistikk i nokre tilfelle kan ha ei slagside mot begeistringsskriveri der skribenten står fram som ein blodfan, har Moxnes alltid halde god distanse og sett kulturen frå utsida. Det treng vi meir av. Det blikket og dei presise kommentarane kjem til å bli sakna. Ho har også hatt ei solid evne til å knyta kulturen til samfunnsutviklinga generelt og dermed vist at kultur er eit breitt verkeområde – ikkje eit smalt felt for særleg interesserte. 

– Ho held ikkje tilbake, og det vil eg sakna. Under koronakrisa kommenterte ho på korleis den straumlinjeforma organiseringa til idretten gav konkret utteljing på statsbudsjettet. Kulturlivet blei derimot beskrive som eit blanda kor der alle vil syngja solo. Ikkje enkelt for verken journalistar å halda seg til ei krise. Litt brutalt, men også sant.

Abid Raja etter møte med Tom Cruise.

Abid Raja

Kulturminister (V)

– Agnes Moxnes har betydd svært mykje for den store samtalen om «oss». Gjennom si fantastiske formidlingsevne har Agnes løfta kulturpolitikken til eit nasjonalt nivå, og bidratt til å belysa dei mange komplekse og viktige diskusjonane om kven vi er og kva vi skal vera. 

– Relevansen til kulturen er blant anna avhengig av kor mange av oss som blir nådde, og Agnes har bidratt til at samtalane om kultur har nådd breitt ut til alle delar av Noreg. Ho har eit kritisk blikk på politikken, men med stor omsorg og eit stort hjarte for kulturen. 

– Eg kjenner berre ein journalist som både kritisk og rosande samstundes, som både er agiterande og skapar forståing, som ikkje berre formidlar meg også påverkar, som kan gi ris og ris og du, på mottakarsida, føler for å nikka med – og det er Agnes. Ho er uerstatteleg og vil bli djupt sakna som kulturkommentator i NRK.

AKTUELT NÅ