Hopp til innhold

Advokatselskap vurderte om Sanner kunne gripe inn, hjelpte Tangen i mai

Finansdepartementet leigde inn same advokatselskap som Nicolai Tangen brukte i mai. Tyder på dårleg dømmekraft, meiner SV.

Jcd0ecebzWQ

KRITISK: Hadia Tajik (Ap) etter møtet med de finanspolitiske talspersonane på Stortinget i dag. Både ho, SV og Raudt er kritiske til at Finansdepartementet valte å nytte seg av same advokatselskap som hjelpte Nicolai Tangen med arbeidsavtalen med Noregs Bank i mai.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Eit fleirtal på Stortinget er no kritiske til tilsetjinga av Nicolai Tangen som ny sjef i oljefondet.

Både KrF og opposisjonspartia støttar kritikken frå representantskapet – som driv tilsyn med Noregs Bank – har komme med.

Representantskapet meiner avtalen Noregs Bank sitt hovudstyre har inngått med Tangen, ikkje eliminerer potensielle interessekonfliktar.

Tangens tilsetjingsavtale inneber at han framleis skal vere eigar i hedgefondet AKO Capital, også etter at han tiltrer som oljefondssjef.

Sjølv om fleirtalet på Stortinget er samde i kritikken, er dei berre to veker før Tangen skal tiltre i den nye jobben ikkje samde i kven oppgåva si det no er å rydde opp.

Er det Noregs Banks hovudstyre, som har ansvar for å tilsetje oljefondssjefen, eller er det finansministeren?

Rzcg1R81InI

Finansminister Jan Tore Sanner (H).

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

For å få svar på dette leigde Finansdepartementet inn advokatfirmaet Arntzen de Besche.

Dei konkluderte med at Sanner ikkje kan gripe inn i tilsetjinga av Nicolai Tangen som sjef i oljefondet.

Fleire opposisjonsparti reagerer no på at Jan Tore Sanner (H) valte å leige inn Arntzen de Besche (AdeB).

Dei stiller spørsmål ved om det kan ha oppstått interessekonfliktar som følgje av at det same advokatselskapet i mai hjelpte Nicolai Tangen med arbeidsrettslege spørsmål knytt til arbeidsavtalen hans med Noregs Bank.

Nicolai Tangen tiltrer som sjef for Oljefondet september 2020.

NY SJEF: Nicolai Tangen skal etter planen starte som leiar for Oljefondet i september.

Foto: Tony Colli / NBIM

Tajik: – Burde brukt lovavdelinga

Hadia Tajik, nestleiar og finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, meiner Sanner igjen har skapt ein interessekonflikt.

– Eg skulle ønske regjeringa heller hadde brukt lovavdelinga i Justisdepartementet, slik at vi hadde unngått dei openberre interessekonfliktane, seier Hadia Tajik.

– Eg er rimeleg oppgitt over at regjeringa har sett seg sjølv i denne situasjonen, seier Hadia Tajik,

Tajik stilte òg tidlegare tysdag spørsmål ved den juridiske tyngda til rapporten.

– Det er uavklart kva for ein juridisk status ein rapport frå eit privat advokatselskap har, sa ho då.

Kari Kaski i Vandrehallen

Kari Kaski, finanspolitisk talsperson i SV.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Tyder på dårleg dømmekraft

Også Kari Elisabeth Kaski, finanspolitisk talsperson for SV er kritisk til at Finansdepartementet leigde inn same advokatselskap som hjelpte Tangen i mai.

– No byrjar det å bli litt mange interessekonfliktar her, og det tyder på dårleg dømmekraft frå finansdepartementet, seier ho.

FUiN3zTV3UM

Partileiar i Raudt, Bjørnar Moxnes.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Partileiar Bjørnar Moxnes i Raudt har følgjande å seie om at det same firmaet hjelpte Tangen i mai:

– Sanner kan ikkje gøyme seg bak eit advokatfirma som også har Tangen på kundelista, seier han.

– Ikkje einige i at det er ei interessekonflikt

– Advokat og partnar Sven Iver Steen, som har gjennomført den juridiske vurderinga på oppdrag frå oss, har ikkje bindingar som inneber interessekonfliktar, seier kommunikasjonssjef i Finansdepartementet Therese Riiser Wålen.

Wålen viser til at departementet sjølve omtaler dette i brevet til Stortinget tysdag. Ho viser og til at Arntzen de Besche opplyste dei om at partnaren som jobba med Tangen i mai ikkje hadde jobba med Tangen etter det.

– Dette var informasjon vi var kjent med då vi gav oppdraget til AdeB, og følgjeleg er vår vurdering at dette ikkje er i vegen for at vi kan nytte ein anna partnar i same firma. Vi er altså ikkje einige i at det er ei interessekonflikt her, seier Wålen.

– Kva avgjerder låg bak at de valte nettopp advokatfirmaet Arntzen de Besche til å gjere denne utgreiinga?

– Dette oppdraget måtte bli gjennomført på veldig kort tid. Vi valte å gje oppdraget til AdeB, både fordi vi har ein rammeavtale med dei og fordi Sven Iver Steen har svært god kompetanse innan dette området (sentralbankloven), svarar Wålen.

– Kvifor brukte de ikkje lovavdelinga i Justisdepartementet?

– Vi kunne ha høyrt med lovavdelinga i Justisdepartementet i staden, men dei har mange viktige spørsmål dei jobbar med for tida, så vi ville ikkje belaste dei med dette hasteoppdraget, svarer Wålen.

Therese Riiser Wålen

Therese Riiser Wålen, kommunikasjonssjef i Finansdepartementet.

Foto: Sturlason

Meiner det ikkje er relevant om dei same personane jobba med Tangen

Managing partnar i Arntzen de Besche, Håvard Sandnes fortel til NRK at det for advokatfirmaet var viktig å få avklart at Finansdepartementet var kjent med advokatfirmaets tidlegare arbeid for Tangen, før departementet engasjerte dei i saka.

Han ønskjer ikkje å kommentere om personar i selskapet som jobba for Tangen i mai, og har jobba med dagens utgreiing.

– Som Managing partnar ønsker ikkje eg å gje opplysningar til eksterne om kven av våre advokatar som har jobba med forskjellige saker. Det normale er at fleire advokatar bidrar i de sakene vi jobbar med, seier Sandnes.

Sandnes meiner det i vurderingar av eventuelle interessekonfliktar ikkje er avgjerande om det er same eller forskjellige advokatar som har jobba med sakene:

– Fordi advokatar i eit advokatfirma vert identifiserte med kvarandre når det skal bli vurdert om det kan vere interessekonfliktar eller spørsmål om vi er uavhengige, seier Sandnes.

AKTUELT NÅ