Hopp til innhold

Advokatleiar meiner ein bør vurdere etterforskingane der Jensen har vore sentral

Marius Dietrichson meiner Jensen-dommen kan opne for krav om å ta opp att gamle saker der ekspolitimannen har vore sentral i etterforskinga.

69UGa1t8LD0

FØR DOMMEN: Ekspolitimann Eirik Jensen utanfor Oslo tinghus før han fekk dommen i ankesaka mot seg sjølv og Gjermund Erik Cappelen fredag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Om dommen vert ståande så krev denne saka at ein i alle fall må vurdere om dei sakene der Jensen har vore ein sentral premissleverandør vert tatt opp att, seier leiar i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson.

Fredag vart Eirik Jensen dømt til 21 år fengsel for grov korrupsjon og narkotikakriminalitet.

Marius Dietrichson meiner dommen bør føre til ei vurdering av etterforskinga i saker der Jensen har vore sentral.

Fekk dekka utgifter

Erik Jensen har mellom anna tidlegare sagt at Gjermund Cappelen kom med viktig informasjon i den såkalla flydroppsaka frå 1993.

Totalt vart minst 12 personar dømt for narkotikainnførsel i den såkalla flydroppsaka. Eirik Jensen fortalde i 2017 at Cappelen fekk dekt utgifter på rundt 70.000 kroner i samband med etterforskinga av saka.

Dietrichson meiner ein på generelt grunnlag må vurdere å ta opp att saker som denne.

I 2013 prøvde fleire av dei dømte frå flydropp-saka å få sakene sine tatt opp att. Dei meinte at politiet hadde brukt ulovlege metodar i etterforskinga og at dei derfor var feilaktig dømt. Gjenopptagelseskommisjonen sa då nei.

lRTFEfnnzgM

Leder av forsvarergruppen i Advokatforeningen Marius Oscar Dietrichson.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Heilt avgjerande for tillita til rettsprosessen

Dietrichson meiner det er viktig å granske saker der Jensen kan ha handla utifrå sine eigne og Cappelen sine interesser framfor politiet sine. Han meiner ein no bør vurdere om Jensen kan ha brukt ulovlege metodar i saker han har jobba med som politimann.

– Er han i stand til å hjelpe ein av dei største kriminelle aktørane dette landet har sett med tanke på narkotikaimport, så opnar det i alle fall for spørsmålet om han er i stand til å fuske i politifaget når han forfølgde Cappelen sine konkurrentar, seier Dietrichson.

– Kor viktig er det for den norske rettsstaten at Jensen sine tidlegare saker vert undersøkt?

– Det er heilt avgjerande at etterforsking går føre seg på lovformeleg måte. Og at ein har tillit til rettsprosessen. Det er heilt avgjerande for eit samfunn som skal fungere godt, svarar Dietrichson.

Eirik Jensen ble pågrepet av Spesialenheten i pausen, etter å ha fått dommen på 21 års fengsel.

Eirik Jensen vert arrestert av Spesialenheten i pausen, etter å ha blitt dømt til 21 år fengsel.

AKTUELT NÅ