NRK Meny
Normal

– Dette kan vere byrjinga på ei krise i heile verda

OSLO (NRK): – På kort sikt betyr dette at Storbritannia sin økonomi vil gå tilbake, men på lang sikt kan det ende i ei krise for heile verdsøkonomien, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.

Harald Magnus Andreassen

KRISE: Harald Magnus Andreassen trur brexit er byrjinga på ei krise i europa og i verda

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– No knakar det i samanføyingane til heile det politiske og økonomiske regimet som vi lever i. I verste fall er dette byrjinga på ei djup krise, både økonomisk og politisk, seier Andreassen.

Storbritannia har røysta for å gå ut av EU, og reaksjonane er mange.

Andreassen, som er sjeføkonom i Swedbank, understrekar at mykje endå er uklart, men at Storbritannia sin økonomi vil få eit tilbakeslag er han heilt sikker på.

– No er tilliten til Storbritannia brote. Det er mindre attraktivt å drive forretningar i Storbritannia i dag enn det var i går. På kort sikt vil det bety at den britiske økonomien kan gå inn i ein resesjon ganske fort.

London kan miste sin posisjon som finanssenter

Finansnæringa følgjer no utviklinga tett, og fleire meiner at finanssenteret City of London vil bli kraftig svekka. Byen er finanssentrum i verda, men no kan fleire store aktørar pakke sakene sine og flytte til New York, Singapore eller Frankfurt. Resultatet vil vere tap av makt, pengar og arbeidsplassar i Storbritannias hovudstad.

Børsane rundt om i verda stuper, og pundet har allereie mista mykje verdi. Det vil skape høgare inflasjon, og gjere at den reelle kjøpekrafta til britane går ned. Då får folk flest mindre å bruke på varer og tenester.

Og det vil ikkje berre råke den britiske økonomien. Nyhendebladet The Economist anslår at eit fall på eit prosent av bruttonasjonalprodukt i Storbritannia vil dra med seg eit tilsvarande fall på ein halv prosent i den samla europeiske økonomien.

Andreassen trur likevel at det på kort sikt kjem til å gå seg til på dei britiske øyane, han er meir bekymra for dei langsiktige konsekvensane for europa og verda.

Cameron med uviss politisk skjebne

DAGEN DERPÅ: David Cameron var mannen som opna for folkerøysting om Storbritannia sitt forhold til EU. Det angrar han kanskje på i dag.

Foto: GEOFF CADDICK / Ap/NTB Scanpix

– Mykje er avhengig av kva som no skjer framover. Noko av det første som kan skje er at Storbritannia som nasjon fell ifrå kvarandre. Skottland kan gå ut av unionen, og Nord-Irland kan søkje ei sameining med republikken Irland.

Meir isolasjon, mindre samarbeid

Andreassen fryktar nemleg at dette er byrjinga på ein tendens der land søkjer meir isolasjon, og mindre samarbeid.

– Vi ser både i USA og i Europa at politikarar skuldar på naboen for alle sine problem og utfordringar. Eg fryktar i verste fall at vi er på veg vekk ifrå fred og samarbeid mellom nasjonar. Det er ei veldig dårleg utvikling.

– Må gjere det beste ut av det

Eit ganske skremmande bilete vert altså teikna av Andreassen, men ikkje alle ser like svart på framtida i dag. Administrerande direktør i Nordea Snorre Storset seier at det no gjeld å vere positiv og gjere det beste ut av situasjonen.

Snorre Storset

POSITIV: Snorre Storset i Nordea er grunnleggjande positiv, og trur ikkje det er grunn til å sjå heilt svart på framtida.

Foto: Presse / Nordea

– Det er klart at på kort sikt kan det no gå litt tilbake, også for Noreg. Men eg er grunnleggjande optimist, og eg trur dette også kjem til å opne opp for ein del nye moglegheiter som vi ikkje endå kan sjå. Det er noko som heiter "never let a good crisis go to waste", og det trur eg mange bør ha i bakhovudet framover.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger