Hopp til innhold

Actis ber fleire følge alkoholreglane til Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet skal slutte å spandere alkohol på partiarrangement. Det er ein god ide, meiner Per Gunnar Dahl, som er påtroppande generalsekretær i Actis.

Champagne på julebord

Alkoholservering i jobbsamanheng er eit problem for mange. Ein av tre meiner det blir drukke for mykje i arbeidslivet. Mange av dei som ikkje drikk, kjenner seg utanfor, seier Actis.

Foto: Image Source/Unknown Photographe / Image Source

Under «Debatten» på NRK torsdag kveld, avslørte partileiar Jonas Gahr Støre dei nye retningslinjene for bruk av alkohol på partiarrangement i Arbeidarpartiet. No må medlemmane sjølve betale for alkoholen sin.

Det synest organisasjonen Actis, som blant anna arbeider for å redusere skadane ved bruk av alkohol, er eit godt tiltak. Påtroppande generalsekretær Per Gunnar Dahl oppmodar fleire til å følge Arbeidarpartiet sitt eksempel.

– Fleire av #metoo-sakene minner oss på at mykje av dette er utført av personar som er påverka av alkohol. Difor er det viktig at fleire ser på kva rutinar dei har når det blir servert alkohol i sosiale lag.

Mange synest alkohol er ubehageleg

Per Gunnar Dahl, generalsekretær Actis

Påtroppande generalsekretær Per Gunnar Dahl i Actis oppmodar fleire bedrifter og organisasjonar til å tenke gjennom kva forhold dei har til servering av alkohol i sosiale lag.

Foto: Privat

I ei undersøking som blei gjort for Actis i 2015, kom det fram at ein av tre meiner det blir drukke for mykje i arbeidslivet. Undersøkinga viste også at mange kvir seg for å delta i sosiale samanhengar på jobb fordi dei blir plaga av alkoholbruken til andre, seier Dahl.

– Dei som ikkje drikk kan lett kjenne seg utanfor. Arbeidsgjevarar må difor tenke igjennom korleis alkoholservering bør skje, slik at dei som ikkje drikk, også kan kjenne seg inkludert.

For å hjelpe bedrifter med dette arbeidet, utarbeidde Actis og arbeidslivsorganisasjonen Virke eit sett alkovettreglar i 2015.

Virke stramma inn

Stian Sigurdsen

Leiar for arbeidslivspolitikk i Virke, Stian Sigurdsen, seier dei laga nye retningslinjer for skjenking av alkohol i jobbsamanheng.

Foto: Virke

Leiar for arbeidslivspolitikk i Virke, Stian Sigurdsen, seier samarbeidet med Actis førte til at dei laga nye retningslinjer før jul i 2016.

– På våre arrangement er det berre tillate å servere øl, vin og alkoholfri drikke. Det er ikkje tillate å servere sprit. Det er heller ikkje lov å gi alkoholhaldig drikke i gåve til medarbeidarar dersom Virke skal dekke kostnadane.

Før julebordssesongen i fjor kom Virke også med fem råd mot julebordsfyll:

  1. Ha alltid alkoholfrie drikkevarer som naturleg del av tilbodet.
  2. Unngå å servere sprit eller sterkare alkohol enn øl og vin.
  3. Unngå alkohol som påskjøning eller gåve.
  4. Bruk retningslinjene også ved representasjon så langt det er mogleg.
  5. Etabler også sosiale aktivitetar og møteplassar som ikkje involverer alkohol.

Bruker AKAN

NHO og LO er også opptekne av rusmiddelproblematikken. Blant anna samarbeider, med staten om AKAN, som skal førebyggje rusproblem i arbeidslivet,

– Gjennom dette samarbeidet er vi med på å fornye og vidareutvikle verkemidla til AKAN, seier avdelingsdirektør Kristina Jullum Hagen i NHO.

LO-sekretær Trude Tinnlund seier dei er opptekne av at alkoholservering skal skje med ei bevisst haldning til positive og negative sider ved alkoholbruk. Og at dei oppmodar til moderat bruk av alkohol i sosiale samkomer.

– Praksis er at det på middagar på konferansar og seminar blir servert to einingar til maten.

AKTUELT NÅ