NRK Meny
Normal

Venstresida ikkje (heilt) samla om 8. mars-parole

8.mars er det venta at ei samla venstreside går i tog mot reservasjonsretten som Høgre/Frp-regjeringa foreslår. Men ikkje alle på venstresida føler seg heime under årets hovedparole.

Abortskepsis på venstresida

VIDEO: – Feilen med dagens abortlov er at barnet ikkje blir nemnt eller har nokon rettar, seier Theis Salvesen, prest og bystyremedlem for Arbeiderpartet i Kristiansand.

Artikkelen er flere år gammel.

I fjor hadde 8.mars-komiteen i Oslo 512 påmeldte til sitt tog og over 1000 personar møtte opp. Så langt har 1790 meldt seg på via komiteen si Facebook-side og det er kampen mot reservasjonsretten er hovedårsaka til engasjementet, meiner pressekontakt i komiteen.

– Det rasar inn med påmeldingar og mange enkeltpersonar og grupper tek kontakt. Eg har vore i komiteen i tre år og har aldri opplevd så stor respons. Det er heilt overveldande, seier Daisy Elizabeth Sjursø til NRK på telefon frå Bergen der oppladinga til kvinnedagen også er i gang.

– Her er det utseldfor raude strømper, så eg håper dei får inn nye før laurdag, seier Sjursø.

Helseminister Bent Høie (H) har i lang tid forsvart forslaget om å la legar få reservere seg mot å henvise til abort av samvitsgrunnar. Forslaget er ein del av samarbeidsavtalen mellom Høgre, Frp og Kristeleg Folkeparti. Skuldingar om at dette vil sette likestillinga tilbake og truar retten til fri abort har vore mange og debattane har vore harde:

Når 8.mars-toget går førstkommande laurdag, vil det vere under hovedparolen "Forsvar abortloven - nei til reservasjonsrett". For første gong på mange år, planlegg også Arbeiderpartileiar, Jens Stoltenberg, å gå i toget og vil kunne ta følge med SV-leiar Audun Lysbakken.

(Saka held fram under biletet)

HISTORISKEBILDER
Foto: Thorberg, Erik / NTB scanpix

Ap-politikar vil forby abort

Kvar søndag ber vi i kyrkjebøna «hold di vernande hand over barnet i mors liv» og det gjer ikkje lova

Theis Salvesen, bystyrerepresentant (Ap) i Kristiansand

Men på venstresida er det også ulike stemmer. NRK møter Theis Salvesen, prest og bystyremedlem for Arbeiderpartet i Kristiansand. Han er ikkje direkte motstandar av at fastlegar skal få reservere seg mot å henvise til abort, men vil helst ha ei ny abortlov. Salvesen tek til orde for at hovedregelen bør vere at abort er forbode.

– Feilen med dagens abortlov er at barnet ikkje blir nemnt eller har nokon rettar. Det har plaga meg frå dag ein. Kvar søndag ber vi i kyrkjebøna «hold di vernande hand over barnet i mors liv» og det gjer ikkje lova, seier Salvesen.

– Eg vil ikkje tilbake til noko gammalt nemndssystem, men for å gje det ufødte liv rettsvern så meiner eg at det burde stått (i lova, red anm) at det ufødte liv har rett til liv.

Han meiner at det bør vere slik at kvinner som søkjer om abort automatisk skal få dispensasjon for å utføre inngrepet.

– Det er kanskje litt retorikk, men for meg er det nokså fundamentalt, seier presten og Ap-politikaren.

Ballo overraska over reservasjonsrett-parole

Heilt nord i landet arbeider tidlegare SV-politikar, no medlem i Arbeiderpartiet, Olav Gunnar Ballo som fastlege i Alta. Han er oppteken av etiske spørsmål om liv og død og stussar over at årets 8.mars-tog har kampen mot reservasjonsrett som hovedparole.

Olav Gunnar Ballo
Foto: Kai Erik Bull

– Kvinner må jo få bestemme kva dei opplever som viktigast på dagen, men eg er også litt overraska. Eg meiner at ein, relativt lidenskapslaust, må kunne diskutere prinsippielle verdispørsmål i eit samfunn og det må vere rom for ulike syn.

Ballo seier til NRK at han er prinsippielt tilhengar av reservasjonsrett for fastlegar. Men at det har blitt umogleg å få til på grunn av regjeringa si behandling av saka.

– Sånn som den saka har utvikla seg, så meiner eg det er umulig å få ein reservasjonsrett. Men ein kunne tenkje seg heilt andre premiss for diskusjonen, seier den tidlegare stortingsrepresentanten.

Han legg til at ein slik rett ikkje kan handsamast i kvar enkelt kommune.

Ballo meiner det er mulig å sikre alle kvinner sjølvbestemt abort, samtidig som fastlegar får reservere seg mot henvising. Han synest kvinner har andre, viktigare kampar å kjempe for på kvinnedagen og kjem med fleire alternative parole-forslag.

– Eg meiner at kvinner må sjølv få bestemme kva dei meiner er viktigast, men i eit moderne samfunn er jo retten til lik lønn, retten til å kunne få arbeid og at kvinner ikkje blir diskriminert viktig, seier Ballo.

– Kvinner tek for lett på det

Presten og Ap-politikaren Theis Salvesen leiar Kristne Arbeidere si lokale foreining på Sørlandet. Kampen for det ufødte liv har han halde på med i 25 år og synet på abort, samsvarar ikkje med Arbeiderpartiet sin politikk.

– Det synet eg har på abortloven korresponderer ikkje heilt med det mitt parti meiner. Men den dualiteten har eg levd med i 25 år og kan klare det, for det er så få alternativer.

Men han er ikkje med på at venstresida i norsk politikk har hegmoni på desse spørsmåla.

– Høgre står jo bak dagens abortlov på samme vis som Arbeiderpartiet gjer, seier lokalpolitikaren.

Sørlandspresten trur ikkje alle kvinner tar spørsmålet om å ta abort, alvorleg nok.

– Eg trur veldig mange av dei abortsøkande har gått gjennom både ei og to runder. Men samtidig er det ein del som tar litt lett på det, trur eg. Eller det vil sei, det veit eg.

Han har studert abortstatistikken som viser at kvart år blir det utført 15 000 abortar i Norge og at det er hovedsakleg kvinner i alderen 20 - 40 år som tek abort. Han gir kvinner over 30 år ei særlig oppmoding.

– Då tenkjer eg at då burde ein ha komt i ein alder, at du veit at ei handling gir ein konsekvens. Slik at ein kunne i alle fall vere med å forsøke å holde aborttala nede. Så får eg høyres så usympatisk som eg berre vil, men det meiner eg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger