Hopp til innhold

Svein Aaser kan bli styreleiar i Telenor

Nominasjonskomiteen i Telenor foreslår tidlegare konsernsjef i DnB Nor, Svein Aaser, som ny styreleiar i Telenor etter Harald Norvik.

Svein Aaser

KAN BLI STYRELEIAR: Svein Aaser har mange verv i fleire styrer, og no kan han bli styreleiar i Telenor. Her under opninga av Ski-VM i Oslo.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Tidlegare denne månaden blei Harald Norvik i praksis avsett som styreleiar i Telenor etter at næringsminister Trond Giske ikkje lengre hadde tillit til han.

Etter det konsernsjefen i Telenor Jon Fredrik Baksaas omtalte som eit reint eigarspørsmål då Norvik fekk sparken, måtte nominasjonskomiteen på bana for å hente inn nye krefter.

LES: – Harald Norvik en kamikazepilot

LES: – Kan skremme bort styreledere

No har nominasjonskomiteen i Telenor foreslått tidlegare konsernsjef i DnB Nor, Svein Aaser, som ny styreleiar.

Har mange verv frå før

Svein Aaser var konsernsjef i Den norske Bank og DnB Nor frå 1998 til 2006. Han var tidlegare konsernsjef i Nycomed frå 1987 til 1996.

LES: Telenor fortsetter veksten

LES: – Baksaas er nestemann ut

I dag er Aaser styreformann i Statkraft, Det norske oljeselskap og Ocean Yield. Han er også styreleiar i Nasjonalmuseet og Jahres Humanitærstiftelse.

Nominasjonskomiteen skal òg ha ny leiar

Nominasjonskomiteen foreslår også at Anders Skjærvestad etterfølgjer Jan Erik Korssjøen som leiar for bedriftsforsamlinga og dermed leiar for Telenor sin nominasjonskomite.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger