Hopp til innhold

A-pressen kallar inn til hastemøte

A-pressen, som eig halvparten av TV2, kallar inn til hastemøte. Det har kome opplysningar om at kanalen skal bli selt til danske eigarar.

TV2 skilt
Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kjelder i A-pressen stadfester til NRK at det er innkalt til hastemøte i morgon.

Danske Egmot er i interessert i å kjøpe A-pressen sine aksjar i TV2. Dette kan i så fall vere første steget mot å skapa ein nordisk TV-gigant.

A-pressen og Egmont eig i dag 50 prosent kvar av aksjane i TV2.

Ei kvinne i tilsettutvalet i A-pressen seier til NRK at dei tilsette kjem til å røysta mot eit sal.

Leiinga i A-pressen ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

Selskapa har gjensidig forkjøpsrett dersom den andre parten skulle ønskje å selje. I følgje Dagbladet er eit slikt sal i sluttføringsfasen, men er enno ikkje behandla av styret i A-pressen.

AKTUELT NÅ