Hopp til innhold

Vogntog kvart 5 minutt

Døgnet rundt. 365 dagar i året. Talet blir berre aukande. På riksveg 3 passerer vogntoga kvart 5 minutt.

Utanlandsk vogntog passerer på riksveg 3 over Kvikne.

Dette er eit av dei nærmaste husa langs riksveg 3 over Kvikne. Familien Stubbsjøen har vogntoga nesten på stovegulvet.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

  - Dei ser rett inn på kjøkkenbenken. Når trafikken står bom stille, ser vi frustrasjonen gjennom bilvindauget.

Egil Magnar Stubbsjøen bur omlag fire meter frå Riksveg 3. Kvar dag suser det forbi enorme mengder tungtransport. Stadig fleir av dei er utanlandske

- Eg ser det særleg no på vinteren. Det vert glatt. Kven er det som då står bom fast, humrer Stubbsjøen.

Aukande trafikk

Egil Magnar Stubbsjøen ser ut av kjøkkenvindauget

Familien Stubbsjøen bur svært nær riksveg 3. Når det er trafikkork, er det lett å lese irritasjon frå bilvindauget, hevdar Egil Magnar Stubbsjøen.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

Riksveg 3 er ei av Noregs mest trafikkerte vogntogstrekningar. Dette er hovudferdselsåra mellom nord og sør for all tungtransport på vegen. Dei siste åra har trafikken auka enormt. Mykje av trafikken viser seg å vere utanlandske vogntog.

Likevel det er ikkje mogeleg å vite eksakt kor mange utanlandske vogntog som ferdast langs riksveg 3 og resten av Noreg. Slikt førast ikkje statistikk over. Frå Statistisk Sentralbyrå kan ein derimot lese mengda varer som vert importert og eksportert til Noreg av lastebilar. Den syner ei klar tendens. Frå 2004 til 2006 auka varemengda med ein halv million tonn.

Vogntog i husveggen

For familien Stubbsjøen kom eit av vogntoga svært nær for eit par år sidan.

- Vi fekk heile sida av huset flerra av. Det var sjølvsagt glatt på vegen og vedkomande klarte ikkje å ta svingen. Det enda i kjøkkenbenken vår.

Egil Magnar Stubbsjøen byrjar å bli temmeleg lei vogntoga som ikkje er skodde.

- Dei burde vore stogga ved grensa og nekta å køyre på norske vegar. I tillegg er det sjølvsagt viktig at ein gjer noko med vår riksveg. Vi har fleire dødsulukker langs den kvart år. Kva skal eigentleg til, spør han? 

 

Køyrer for fort

- Farta har og mykje å seie.

Sondre Frengstad driv bilbergingsfirma på Kvikne. Vinterstid ringer det døgnet rundt. Det meste handlar om utanlandske vogntog som står fast.

- Ja ingen tvil om at det er meir utlendingar. Dei køyrer for fort. Eg har aldri køyrt av vegen eg. Det gjeld å sko seg og ikkje minst køyre etter forholda.

Bak garasjen på bilverkstaden som han og sysler med, ligg det mengder av dekk som Frengstad har skifta.

- Mange kjem hit med dekk som ikkje har vore skifta på mange år. Dei anar ikkje korleis det er her i Noreg.

Medan NRK er på besøk hjå familien Frengstad, kjem skulebussen med sjuåringen i huset Andreas heim. Mamma Jürgita tørr ikkje la han passere vegen aleine.

- Ein gong passerte dei 30 cm frå barnevogna mi. Sjåføren blenka med lysa for å signalisere at eg skulle flytte meg.

 

AKTUELT NÅ