Hopp til innhold

– Eg håper dei unge tenkjer «visst faen, eg trur eg går og stemmer»

Maria Stavang (22) er éi av fleire unge stjerner som skal få unge veljarar inn i stemmelokala. Berre gjennom hennar kanalar på sosiale medium, har bodskapen nådd ut til fleire hundre tusen i målgruppa.

Piateed

MED HÅP OM Å NÅ INN: Maria Stavang, best kjend under namnet «Piateed», er blant dei unge stjernene på sosiale medium, som før vale er hyra inn til å overtale unge veljarar om å bruke stemmeretten.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Eg håper at det fungerer. Eg håper eg gjer ein såpass god jobb at dei unge tenkjer «visst faen, eg trur eg går og stemmer», seier Maria Stavang når NRK møter henne på hybelen i Oslo som ho nettopp har flytta inn i.

Dei siste åra har 22-åringen frå Loddefjord i Bergen gjort karriere som humorist på Facebook, Instagram, Snapchat og Youtube. I sosiale medium er Stavang best kjend under namnet «Piateed».

I månadene inn mot stortingsvalet, er Stavang éi av fleire som er hyra inn av Valdirektoratet for å nå målgrupper der få brukar stemmeretten.

Videoane hennar, som er ein del av «Ta valet»-kampanjen, har på det meste nådd meir enn 600.000 sjåarar – berre på Facebook.

BODSKAP TIL UNGE: Denne videoen var den første Maria Stavang la ut for å nå unge veljarar.

Kvar tredje stemte ikkje

I alt 5,2 millionar kroner blei sett av til informasjonstiltak før stortingsvalet.

Kommunikasjonsrådgiver i Valgdirektoratet

NYE MEDIUM: Kommunikasjonsrådgjevar Kristina Brekke Jørgensen i Valdirektoratet sa til NRK at sosiale medium var måten å nå unge veljarar på.

Foto: Valgdirektoratet

Valdirektoratet ønskjer spesielt å nå unge veljarar, innvandrarar og veljarar med behov for særskilt tilrettelagt informasjon, sa kommunikasjonssjef Kristina Brekke Jørgensen i Valgdirektoratet til NRK tilbake i juni.

Prosjektet Stavang er ein del av er spesielt sikta inn mot dei yngste veljarane.

Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2013 var det høgste på 24 år, men framleis brukte ikkje kvar tredje veljar i aldersgruppa 18 til 25 år stemmeretten, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Ved kommunevalet i 2015 heldt over halvparten av veljargruppa seg unna stemmelokala.

POLITIKAR: I denne videoen portretterer Stavang ein «hipp» politikar som trur det er enkelt å nå unge veljarar.

Fleire følgjarar enn alle parti

For lite tid, at dei gløymde det, at det ikkje kjendest viktig, eller at dei ikkje visst nok om partia, er nokre av dei viktigaste grunnane til at unge ikkje stemmer, ifølgje SSB.

Piateed

NYINNFLYTTA: Stavang er nyinnflytta på hybel i Oslo. Den siste videoen hennar retta mot unge veljarar, blei delvis spelt inn når NRK var på besøk.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Ikkje for å skryte, men eg har jo fleire følgjarar på Instagram enn alle dei politiske partia til saman, flirer Stavang, som trur det er mykje av grunnen til at ho er vald ut.

Den unge bergensaren har den moderne yrkestittelen «influencer» – ein som påverkar. Ut frå kommentarane videoane hennar får i sosiale medium, ser bodskapen om valdeltaking ut til å nå inn:

– Eg kan nå ut til dei unge på ein heilt annan måte enn partia kan gjere. Eg skal ikkje be dei unge om å velje eitt enkelt parti, men be dei om å ta eit val, seier Stavang.

Sminkekampanje og ansvar

Humoristen har tidlegare brukt plattforma ho har bygd seg opp, til å ta eit kraftig oppgjer med kroppspress. Stavang er tydeleg på ansvaret ho har fått.

Piateed

VIKTIG STEMME: Med kamera som medhjelpar har Maria Stavang nådd ut til svært mange unge veljarar.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Eg forstod det for eitt år sidan, då eg fekk mange meldingar i innboksen om at det eg gjer er utruleg viktig og bra, og at eg er eit forbilde. Å bli kalla eit forbilde, det er eit stort ansvar!

Ho ønskjer å vere eit motvekt til mange av trendane i blogg- og sosiale medium-verda. Reint økonomisk er det kanskje ikkje den enklaste avgjersla.

– Her sit eg, 22 år gammal, og har fått eit stort ansvar. Og så får eg epost med spørsmål om eg vil gjere ein sminkekampanje for 500.000 kroner. Å då sitje her i denne kollektivhybelen på seks kvadratmeter og seie nei til det, det er vanskeleg. Men eg synest det er så viktig at det eg leverer ut som Piateed, svarer til den haldninga og dei meiningane eg har hatt opp gjennom.

Til alle dei unge veljarane har ho éin tydeleg bodskap:

– Dette er ikkje meint som ein peikefinger, men berre «plis» – gå og stem. Det hadde vore veldig fint om unge gjekk og stemte.

Piateed diplom

PRIS, ORDFØRAR OG SYKLIST: På hybelen til Stavang i Oslo, står diplomen som viser at 22-åringen blei kåra til "årets nykommar" under Humorfest 2016. Saman med prisen står foto av sykkelekspert Dag Otto Lauritzen og tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

AKTUELT NÅ