777tv
Her filmar Fabio at kompisen hoppar over gjerdet og inn på «backstage».
777tv
18-åringen hadde nettopp knabba denne arbeidsvesten.
777tv
På den andre sida møtte dei rapparen Tyler, the Creator, som nettopp hadde spelt på festivalen i 2015.
Fabio intervjuar Taylor the creator
777tv
Det var dette som var målet, å få møte idolet.
Tyler og Fabio
777tv
Fabio intervjua han og la det ut på internett. Der fekk videoen fleire hundre tusen sjåarar.
Fabio 2
For Fabio vart det starten på ein karriere som inkluderer både plateselskap, klesbutikk og gamingklubb.
Fabio Enzo
– Det var eit gullaugneblink.

«Øyablikk»

Nokre små og nokre store augneblink frå Øyafestivalen.

Møttest på Øyafestivalen

Lisa Mari og Espen kyssa kvarandre for første gong på frivilligfesten til Øyafestivalen i 2011.

Møttest på Øyafestivalen

Året etter møttest dei igjen som frivillige på festivalen og vart kjærastar.

Hans Ivar Moss Kolseth/NRK

Nøyaktig ti år etter er dei her igjen.

Familien som vart til gjennom Øyafestivalen

Saman med barna sine Hedda og Astrid.

Ivar Eidem

For sjefskokken på Øya i 2006, Ivar Eidem, står besøket frå Morrissey sterkt igjen i minnet.

Morrissey på Øya

I forkant kravde Morrissey at det ikkje vart steikt kjøtt til publikum når han spelte. Om artisten kjende kjøttlukt, ville han gå av scena. I matteltet sto kokken Ivar Eidem og steikte burgarar likevel.

Sondre Lerche halvtotal

I dag spelar Sondre Lerche igjen på festivalen. Det ser ut som vêret blir betre enn første gongen han spelte her i 2001.

Hagl på Sondre Lerche konsert
Aftenposten
Det kom bokstaveleg talt frå klar himmel. Det var ei ekstrem oppleving for publikum. Hagl midt i august, liksom!
Sondre Lerche
Folk i regntøy under lerches konsert i 2001
NTB

Tilskodarane fekk delt ut regnkapper og snart kom Lerche på scena igjen for å fullføre konserten.

Sandeep Singh

Sandeep Singh gløymer aldri då han dekka festivalen som anmeldar i 2012.

Frank Ocean på Øya 12
Fyren som revolusjonerte RnB på det tidspunktet, Frank Ocean skulle spele. Han hadde nettopp sloppe debutplata si. Eg hadde så store forhåpningar!
Sandeep Singh

Etter å ha trollbunde publikum med fire låtar stakk Ocean frå scena. Han kom ikkje tilbake.

Sandeep Singh portrett
Det var nesten som då Oddvar Brå brakk staven. Kor var du då Frank Ocean stakk frå Øya? Hahaha!
Sandeep Singh
Stemningsbilde frå Øya 2022

På festivalen spør NRK fleire folk: – Kva er ditt beste «Øyablikk»?

Mats Sivertsen på Øyafestivalen
Den beste opplevinga eg har hatt på «Øya» var då Motorpsycho spelte heile Timothys monster i 2010.
Mats Sivertsen
DBFsYFDwTJ4
NTB

Motorpsycho på Øyafestivalen 2010.

Jenny Skavdal
Grace Jones-konserten i 2016 var heilt fantastisk. Det var rett og slett sterkt, unikt og dritkult!
Jenny Skavdal
StnEL3NGXno
NTB

Grace Jones på Øya i 2016

Det er første gong eg er her på to år. Det er spesielt. Eg trur faktisk det her blir mitt beste «Øyablikk».
Martine Jonsrud
Dette er vårt første år på Øya. Vi nyt sol, musikk, utsikt og øl akkurat no, så dette er nok vårt beste augneblink så langt.
Henrik Formoe og Vegard Olsen