Det stadfestar fiskeri- og kystminister Helga Pedersen overfor NRK.
Ukjent tidspunkt
Kystverket er på plass i Sørvær i dag, der dei har ei fyrste befaring. I morgon skal Kystverket, Statens strålevern og SFT ha eit møte der dei skal planleggje det vidare arbeidet.
Helga Pedersen opplyser i dag at 'Murmansk' blir heva.
Foto: Øyvind Andre Haram / NRK- Vi gjer dette med sikte på å fjerne vraket, seier Pedersen til NRK.
Det er uklart når hevinga vil finne stad. Fyrst skal staten finne ut kor mykje det vil koste.
- Eg har ikkje sett nokon frist, men det som er heilt klart er at arbeidet skal starte så raskt som mogleg, seier Pedersen.
Jublande glad
- Er det offisielt? Eg har ikkje fått vite noko offisielt enno, seier Eva Husby, ordfører i Hasvik kommune då NRK fortel henne om avgjerda om å fjerne vraket av "Murmansk".
Eva Husby ombord på «Murmansk»
Foto: Rune Berg / NRK- Eg er jublande glad dersom dette stemmer. Dette viser at Helga Pedersen tek dette på alvor, seier Husby.
LES:
Ho trudde heile tida at partikollegaen Pedersen - som også er samfylking - ville kome til å heve vraket.
- Eg trudde heile tida at ho hadde både evna og viljen, seier Husby.
- Skadeavgrensing
- Det er ei populær avgjerd som ingen vil protestere på. Spørsmålet er berre kvifor det ikkje skjedde før, seier politisk kommentator i NRK, Kyrre Nakkim.
Politisk kommentator Kyrre Nakkim samanliknar saka med sjukehotellet ved Radiumhospitalet.
Foto: Anne Liv Ekroll / NRKNakkim slår fast at avgjerda er teken for å avgrense skadane for regjeringa.
- Det er ingen tvil om at dette kjem etter politisk press. Det er heilt tydeleg sidan avgjerda kjem før alle undersøkingar er gjennomførde, seier han.
Nakkim meiner saka liknar på fleire andre problemfylte saker regjeringa har handtert. Han samanliknar saka med bråket rundt sjukehotellet ved Radiumhospitalet.
- Regjeringa har eit stort problem, blir utsett for eit stort press, og kjem til slutt med ei populær avgjerd for å avgrense skadane, seier han.
Svært dyrt
Fiskeri- og kystministeren seier det vil bli ein vanskeleg jobb å heve vraket, og påpeikar at det kan oppstå problem som gjer at heile vraket ikkje kan hevast.
Prisen for hevinga vil bli svært dyr.
Då Kystverket var på befaring for få dagar sidan estimerte dei prisen for å fjerne vraket til om lag 80 millioner kroner.
- Vrakverdien er om lag 20 millioner, opplyser Hans-Petter Mortensrud, rådgjevar i Kystverket, til NRK.
- Positiv avgjerd
Venstre seier seg nøgd med at det er bestemt at vraket blir heva.
Gunnar Kvassheim (V) meiner det var riktig å halde oppe trykket rundt saka.
Foto: Falch, Knut / SCANPIX- Dette er ei positiv avgjerd som får full tilslutning. Dette viser at det var riktig å halde trykket oppe for å få heva vraket, og ikkje berre undersøke vraket nærare, seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim til NRK.
Den 211 meter lange kryssaren har ligge i fjæra utanfor Sørvær i Hasvik kommune i Finnmark i 14 år. Undersøkingar viser at det er fleire miljøfarlege stoff som bly og PCB i skipet.
LES:
LES:
LES:
LES:
LES: