«Elsa» har truleg gjort mindre skade enn frykta

Norske kommunar har blitt flinkare til å førebu seg på ekstremvêr, meiner forsikringsbransjen. No ser det ut til at skadane etter «Elsa» er mindre enn frykta.

Flaumvernpølsa ligg utanfor Fisketorget i Vågen i Stavanger under Elsa-stormfloa, februar 2020

Flaumvernpølsa til Stavanger kommune har vist seg effektiv ved stormflod, slik som måndag og tysdag denne veka.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If skadeforsikring meiner at særleg kommunar som har vore hardt ramma av ekstremvêr, har blitt flinkare til å takle det. Stadig fleire kommunar tek klimaendringane og ein situasjon med stadig meir ekstrem ver, på alvor, meiner han.

– Eg vil trekkje fram Stavanger kommune, som igjen har brukt flaumvernpølsa si med suksess, seier han til NRK. Han seier at kommunen no har ein god del erfaring med å bruke denne pølsa, og at det har ført til mindre skadar

Stavanger på topp

Sigmund Clementz, If skadeforsikring

Kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If skadeforsikring rosar blant andre Stavanger kommune for å ta klimaendringar og faren for ekstreme verforhold på alvor.

Foto: If

Clementz fortel at Stavanger kom på topp i ei undersøking If forsikring gjorde saman med miljøorganisasjonen Cicero om korleis norske kommunar har førebudd seg på klimaendringane.

– Vasspølsa er eitt av bidraga som viser at dei tek utfordringane som endra ver og endra klima på kysten, på alvor. Men også Bærum kommune er langt oppe på lista, her har dei gjort stor innsats for å hindre overvatn ved store nedbørsmengder. Dette gjennom blant anna å sjå på dimensjonen på avløpsrøra, seier Clementz.

Han legg til at mange kommunar likevel har ein lang veg å gå for å førebu seg med meir ekstreme verforhold.

– Det viser seg at dei kommunane som har opplevd skadar ved ekstreme verforhold, er flinkast. Vi ser at kommunane på toppen har sett av folk og ressursar, og det er langt frå gratis å førebu seg på uver og andre klimautfordringar, seier han.

Når det gjeld «Elsa» så har If tysdag ettermiddag fått inn rundt 100 skadesaker, men selskapet reknar med at talet vil stige dei nærmaste dagane. Dei har også fått inn nokre titals skademeldingar frå uveret langs kysten på Sør- og Austlandet søndag og måndag.

Trondheim har nådd høyeste vanntopp

Skader fra styrtregn har økt med 800 prosent siden 1990-tallet

300 skademeldingar

Bjarne Aani Rysstad, Gjensidige forsikring.

Bjarne Aani Rysstad er kommunikasjonssjef i Gjensidige skadeforsikring.

Gjensidige skadeforsikring har fått rundt 300 skademeldingar etter ekstremvêret «Elsa».

– Vi planlegg alltid for det verste, og det er i alle fall ikkje noko verre enn vi frykta, seier kommunikasjonssjef for skadeforsikring, Bjarne Aani Rysstad.

Han trur at talet på skademeldingar vil auke i dagane som kjem, fordi det alltid er eit etterslep i slike saker. Rysstad reknar med at dei ikkje har noko full oversikt før etter to til tre dagar.

– Det er flest saker frå Vestlandet, men også ein del på Austlandet og nordover. Det er mykje snakk om vatn i kjellarar, og mange i dag har innreidde kjellarar. Det betyr meir alvorlege skadar. Det viktigaste for oss no er å hjelpe kundane våre til å kome raskast mogleg i gang med opptørking, seier han til NRK.

Rysstad tippar, basert på tidlegare erfaringar, at det vil kome rundt 1000 skademeldingar frå «Elsa» heile forsikringsbransjen sett under eitt.

Skadekart Gjensidige.

Dette kartet frå Gjensidige viser kvar ekstremvêret «Elsa» har gjort mest skade.

Foto: Gjensidige

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger