Politisk er det semje mellom russiske og norske styresmakter om at "Elektron" har gjort seg skuldig i grov miljøkriminalitet. Men presset frå dei mektige rederia i Murmansk er kraftig. Dei godtek ikkje det norske overherredømmet i vernsona rundt Svalbard.
Admiral Trond Grytting er kontreadmiral i Landsdelskommando Nord-Noreg. (NRK-foto)
Lettare ver
Kystvakta har ikkje gitt opp håpet om å få stansa den russiske trålaren. Hittil er det ikkje gjort, blir det sagt, på grunn av at svært dårleg ver gjer det farleg å borde skipet.
No er det meldt lettare ver til natta, og det er siste håpet Kystvakta har om å få med seg trålaren tilbake til Noreg. "Elektron" kan nå russisk territorialfarvatn ved 05-tida i natt, og då er det for seint.
Kontreadmiral Trond Grytting ved Landsdelskommando Nord-Noreg avviser at det er inngått ein avtale om overlevering av dei norske inspektørane om bord i "Elektron".
- Tvert i mot. Vi vil at dei to skal bli verande om bord, seier kontreadmiral Trond Grytting til NRK. Han fortel at dei framleis har det å få "Elektron" til ei norsk hamn som sitt hovudmål.
Forvirring
Dermed er forvirringa total om kva som skjer rundt den russiske trålaren som er på flukt frå den norske Kystvakta med to norske inspektørar om bord.
Det er likevel klart at diplomatart på begge sider no arbeider intenst for å løyse denne konflikten mellom Noreg og Russland. Utanriksminister Jonas Gahr Støre seier det er viktig å stille det russiske fartyet vil ansvar.
Frå Russland blir det meldt at marinefartyet "Admiral Levtsjenko" er på veg ut i Barentshavet. Oppdraget skal vere å "hindre uautoriserte farty å ta seg inn i russisk territorialfarvatn", melder nyheitsbyrået Ria Novosti.
Ingen avtale
Trond Grytting seier i eit intervju med NRK at fråsegna frå den russiske ambassaden i Oslo om at det er inngått ein avtale om at inspektørane skal over i eit russisk kystvaktskip, må stå for russarane si rekning.
(NRK-grafikk)
- Vi kjenner ikkje til ein slik avtale, sier Grytting.
Han fortel at dei fire norske kystvaktfartya gjer ein god jobb under vanskelege forhold i Barentshavet. Dei fire fartya held fram med å forfølgje "Elektron". To av dei følgjer "Elektron", dei to andre ligg litt lenger unna.
Kva som skjer når den russiske trålaren kjem inn i russiske farvatn, vil han ikkje spekulere i.
- Vi tek ansvar for at denne saka blir halden på eit lågast mogleg konfliktnivå, seier han.
Grei dialog
Grytting fortel at den norske Kystvakta har ein grei dialog med den russiske Kystvakta, og at russarane der er innforstått med at "Elektron" har gjort seg skuldig i alvorleg miljøkriminalitet.
Det er snakk om både overfiske og mogleg kvitvasking av pengar, seier han.
Grytting framheld at målet med aksjonen er å få "Elektron " inn til ei norsk hamn igjen.
Russlands utanriksminister Sergej Lavrov håpar at den vanskelege situasjonen i Barentshavet kann løysast i løpet av dagen.
Det er fire båtar frå den norske Kystvakta i området i Barentshavet. (Foto: NRK)