Det var nok fleire som var spente på om Sofie Steen Isachsen (28), kjent som Sophie Elise, ville kommentere det omdiskuterte Instagram-biletet i den nyaste podkastepisoden som vart publisert torsdag.
Episoden har så langt 31.251 nedlastingar etter å ha lege ute i eit døgn.
Snitta før dei to siste episodane av «Sophie og Fetisha» ligg på 16.545 nedlastingar etter å ha vore tilgjengeleg i ein dag. Tala er henta frå NRK Analyse.
– Vi ser også at episoden frå førre veke har hatt gode lyttartal sidan han vart publisert, skriv kommunikasjonsansvarleg for NRK-podkasten, Vetle Nielsen, i ein e-post.
Det er likevel først etter ei vekes tid at dei ser korleis episoden i sin heilskap gjer det i forhold til andre episodar. Så det er for tidleg å seie noko om korleis episoden vil lande, opplyser Nielsen.
Dette er biletet Sophie Elise la ut, som har ført til den enorme debatten i sosiale medium. NRK har sladda kvinna som står ved sida av henne.
Foto: SKJERMDUMP INSTAGRAMI podkastepisoden blir ikkje biletet nemnt. Mot slutten av sendinga peikar Isachsen likevel på eit sitat ho har tenkt mykje på dei siste dagane.
– Du veit det sitatet «What doesn't kill you blir maka you stronger». Mamma sa alltid «Nei, nei, what doesn't kill you, doesn't kill you», og det er akkurat det eg kjenner no.
NRK har fredag prøvd å få ein kommentar frå Sophie Elise og venninna på biletet, utan å lykkast.
Ekspert: – Følgarane fortener ei forklaring
Stipendiat ved høgskulen Kristiania og ekspert på sosiale medium, Mathilde Hogsnes, seier at Isachsen har hatt som vane å dele absolutt alt. Då er det vanskeleg å forsvare at ho ikkje vel å kommentere dette.
– Eg tenkjer det hadde vore lurt å kome med ei forklaring. Då kunne ho styrt narrative i staden for å la andre styre det for ho, seier Hogsnes til NRK.
Mathilde Hogsnes, stipendiat ved Kristiania.
Foto: Jonatan A. Quintero / KristianiaSophie Elise er ein av Noregs største påverkarar og har over 580.000 følgjarar på Instagram.
– Vi pleier å rangere påverkarar ut frå følgartal. Ho er det vi kallar ein makropåverkar. Ho spreier informasjon til ei stor gruppe menneske. Samtidig har ho ein viktig rolle ovanfor andre i bransjen, seier Hogsnes.
– Hovudrolla til Sophie Elise er å vere påverkar, og då har ho eit ansvar ovanfor sine følgarar. Følgarane fortener ei forklaring.
Spreidd i rekordfart
Det var søndag førre veke at Isachsen publiserte det no virale Instagram-innlegget.
På biletet står Isachsen ved sida av ei venninne, som også er influensar. I venstrehanda held venninna ein liten gjennomsiktig plastpose som inneheld noko kvitt.
I biletteksten står det: «Livet blir cirka ein milliard gonger morosamare når ein berre gir faen».
Styreleiar i den rusførebyggjande ungdomsorganisasjonen, Juvente Sarah Jul-Rasmussen, trur ikkje det har så mykje å seie om det er eit narkotisk stoff i posen eller ikkje. Ho meiner folk flest uansett vil assosiere det dei ser med narkotiske stoff.
Biletet på Sophie Elise sin profil vart fjerna etter kort tid. Den siste veka har det likevel vorte spreidd i rekordfart via sosiale medium.
Over 3100 klagar
Fredag ettermiddag er talet på klager til Kringkastingsrådet i samband med Instagram-innlegget 3150. Fleire innlegg på sosiale medium oppmodar andre til å sende inn klage til Kringkastingsrådet.
Tysdag uttalte NRK at Instagram-biletet ikkje får konsekvensar for podkast-samarbeidet.
Fleire aktørar vurderer derimot samarbeidet med Sophie Elise, og Rema 1000 har sett lanseringa av det nye godteriproduktet til Sophie Elise på vent.
Sofie Steen Isachsen er knytt til NRK gjennom podkasten «Sophie og Fetisha». Oppdragsgivaren hennar er NRK underhaldning. NRK Nyheiter arbeider journalistisk uavhengig med denne saka.