Hopp til innhold

"Alle" vil reise til London

42 prosent av alle nordmenn planlegg storbyferie i 2011, og London er det suverene førstevalet. Nesten halvparten satsar på to storbyferiar i år.

London Eye

London Eye er ein av mange attraksjonar som trekkjer nordmenn til den britiske hovudstaden.

Foto: ALASTAIR GRANT / AP

Dette går fram av den store reiselivsundersøkinga til Berg-Hansen reisebyrå, som vart presentert i samband med Reiseliv 2011 på Lillestrøm.

Kommunikasjonsdirektør Anette M. Koefoed i Berg-Hansen

Anette M. Koefoed er kommunikasjonsdirektør i Berg-Hansen

- London har mange direktefly frå fleire stader i landet. Dette gjer det enklare å reise på storbyferie, samstundes som ofte flyprisane er lågare enn til andre byar, seier kommunikasjonsdirektør i Berg-Hansen, Anette M.Koefoed.

LES OGSÅ: Greier ikkje å leggje igjen jobben

LES OGSÅ: Spania vårt nærmaste ferieland

Billegare med fly

44 prosent av dei som skal på storbyferie har tenkt seg på to storbyturar, medan 28 prosent skal på ein storbyfererie.

Årsaka til den store reiselysta er at det har vorte billegare å reise med fly dei siste åra.

- Flyselskapa kjempar side om side med ulike kampanjar for å fylle flya når dei jobbreisande held seg heime. I tillegg er valutaen i fleire land gunstig for oss nordmenn. Dette får fleire til å ta eit avbrekk frå kvardagen, seier Koefoed.

Pris på fly og hotell er det viktigaste når nordmenn skal reise på storbyferie, viser undersøkinga. Som grunn nummer to kjem det å oppleve ein ny stad. På tredjeplass god mat og drikke, og som fjerde viktigaste moment kjem direktefly.

Dei eldste reisande, dei over 55 år, svarar at det å opppleve noko nytt er viktigare enn pris for dei.

London for alle

London toppar lista hos alle aldersgrupper. På dei neste plassane kjem Paris, København, Barcelona og Roma. I gruppa ungdom (16-24) kjem Amsterdam etter London og Paris.

i gruppe unge vaksne (25-34 år) kjem New York som nummer to, og New York er eitt av reisemåla som er i sterkast vekst.

For vaksne (35-44 år) kjem København etter London og Paris, medan seniorane (55+) har Barcelona og Roma etter London.

AKTUELT NÅ