Hopp til innhold

– Kven aksepterer halv løn?

Torstein Osborg meiner Skatteetaten må feie for eiga dør før dei åtvarar om svart arbeid etter gjenopninga. Lang ventetid på skattekort for utlendingar er ein like stor fare for svart arbeid, meiner han.

Torstein Osborg

FRUSTRERT? Torstein Osborg i Funksjonell AS er frustrert over å måtta trekkje femti prosent skatt av løna til dei latviske arbeidarane fordi dei ikkje har fått skattekort enno.

Foto: Privat

– Kven aksepterer halv løn? spør Torstein Osborg i Funksjonell AS, ei bedrift som driv med elementbygg på Nesodden utanfor Oslo. Han må trekke 50 prosent skatt av løna til arbeidarane fordi dei enno ikkje har fått skattekort.

For ei drøy veke sidan gjekk Skatteetaten ut med ei trusselvurdering der dei åtvarer om meir arbeidslivskriminalitet og svart arbeid etter gjenopninga av landet. Norge treng arbeidskraft, og i mange andre land er ikkje arbeids- og næringslivet oppe i full drift enno. Derfor blir Norge attraktivt.

Lang ventetid

Torstein Osborg har fem personar frå Latvia i arbeidsstokken. Dei har enno ikkje fått skattekort, og han fryktar at dei vil reise heim fordi dei blir trekt femti prosent i skatt inntil kortet er på plass. For å få skattekort må kvar og ein av dei stille opp fysisk til både politiet for å få mellombels personnummer og til skattekontoret for å få skattekort. Men det er ikkje berre å stille opp. Dei må først bestille time på nett, og det er ikkje lett å få time.

– Vi har halde på sidan august, og vi har fått ein time. Og neste ledige time som vi ser er neste år!

Osborg er lei av å vente.

Torsdag denne veka fekk ein av dei time, men berre hos politiet. Det gjenstår ni timebestillingar. Han vil ikkje betale svart, men han trur enkelte kanskje tar ein snarveg på grunn av manglande skattekort og derfor utbetalar svart løn.

– Når vi prøver så godt vi kan å gjera alt kvitt, og vi faktisk ikkje får det til, så vil eg jo tru at dei som ikkje er så opptatt av å gjera alt heilt riktig finn ordningar.

Problem i heile landet

– Når du kjem til Noreg skal du få skattekort omlag på dagen. Det må kunne gå i 2021!

Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg, Oslo og omegn.

Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg, Oslo og omegn.

Foto: BJØRN ATLE GILDESTAD

Det seier Lars Mamen, leiar for Fair Play Bygg, Oslo og omegn. Han arbeider for eit kvitt arbeidsliv og meiner Skatteetaten må gå i seg sjølv og unngå å bli proppen i systemet og ei av årsakene til svart arbeid.

Over heile landet slit ein med å få skattekort for utanlandske arbeiderar som er viktige i mange bransjar etter gjenopninga, seier Mamen.

– Dette gjeld svært mange som no kjem til Norge etter å ha vore utan inntekt i heimlandet på grunn av at Norge har vore stengt. Utanlandske arbeidstakarar trengs i Norge, både i byggebransjen, servering, hotell og andre bransjar. Vi må ha eit apparat for å ta i mot dei, for no kjem dei, seier han.

Fryktar flukt

Osborg i Funksjonell AS fryktar at latviarane drar heim dersom dei ikkje får skattekort og riktig lønnsutbetaling straks.

– Vi er veldig redd for det, og jobbar beinhardt for å få timar for å få registrert dei. Vi har ekstremt flinke montørar, og det er ikkje berre å snu seg å finne dei beste folka.

Divisjonsdirektør Marte Johanne Gjengedal i Skattetaten seier liten arbeidsinnvandring under pandemien det siste året er ei av årsakene til den lange ventetida på skattekort:

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten

Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i skatteetaten.

Foto: Bård Brinchmann Løvvig / Bård Brinchmann Løvvig

– Vi har lang ventetider, men det er ikkje nokon grunn til å tru at desse ventetidene bidrar til auka svart arbeid. Og så har vi den løysinga at ein kan betale femti prosent i første omgang for å få korrigert skattekortet seinare.

– Kva vil du sei til han som fryktar å mista arbeidsfolk fordi dei reiser tilbake til heimlandet?

– Ja, då må eg sei at vi jobbar det vi kan for å koma i godt gjenge.

I ein epost til NRK skriv ho:

«Det er for tiden dessverre lang ventetid på timebestilling for å gjennomføre ID-kontroll ved flere skattekontor. Pandemien og de tilhørende smittevernstiltakene, i kombinasjonen med at behovet for ID-kontroll nå har økt, har ført til lengre køer.

I takt med at samfunnet nå gjenåpner, øker vi også tilstedeværelsen og kapasiteten ved skattekontorene for å håndtere henvendelser som krever fysisk oppmøte.

...

Vi går nå også gjennom timebestillingene da vi ser at enkelte booker flere timer til samme arbeidstaker for å gardere seg.

...

Men skattebetalingsloven sier at det skal trekkes 50% skatt når det betales ut lønn uten at det foreligger skattekort.»

AKTUELT NÅ