NRK Meny
Normal

– Dette er starten på eit nytt samarbeid

Opposisjonen i Stortinget påførte den ferske blågrøne-regjeringa fleire nederlag i Stortinget onsdag. SV kallar det eit nytt samarbeid, men statsministeren lar seg ikkje skremme.

KrFs Knut Arild Hareide, Trygve Slagsvold Vedum frå Sp, Aps Jonas Gahr Støre og Kari Elisabeth Kaski

SAMLA: KrF-leiar Knut Arild Hareide, Sp-leiar Trygve Slagsvold vedum, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og SVs Kari Elisabeth Kaski fremma i dag fleire forslag som fekk gjennomslag i Stortinget, utan støtte frå regjeringa.

Foto: Trond Solberg / VG

– Det vi ser i dag er startskotet for at opposisjonen kan finne saman for å gå imot forslag som vil svekkje tryggleiken og velferda i Norge, seier SVs Kari Elisabeth Kaski.

Onsdag gjekk opposisjonen saman om fleire forslag i Stortinget, som alle strid med regjeringa sin politikk.

Forslaga er blant annna:

  • Å hindre liberalisering i søndagshandelen.
  • Finansiering av bustader for eldre, for å redusere behovet for sjukeheimsplassar.
  • Å be regjeringa kome med forslag til korleis redusere alkoholforbruket.

Og kan også bli:

  • At kommunar kan busetje flyktningar uavhengig av kommunestorleik.
  • Å be regjeringa bidra til at fleire fagorganiserer seg.

Les meir: Regjeringa går på fleire nederlag alt i første runde

– Ei svakare regjering

Senterpartiet, SV, KrF og Arbeidarpartiet fremma i dag fleire forslag som får fleirtal i Stortinget utan støtte frå regjeringa.

– Dette stortinget er nytt og gir nye moglegheiter. Venstre har valt Frp i regjering, medan KrF har valt å vere eit sentrumsparti som tenkjer sjølv. Eg trur det siste vil vise meir gjennomslag enn det første, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum nyttar høvet til å minne regjeringa om at dei er ei mindretalsregjering.

– Regjeringa må vite at det er eit anna fleirtal på Stortinget. Høgre, Frp og Venstre har ikkje fleirtal, for det var ikkje det veljarane ville. Det er Stortinget som først og fremst bestemmer, seier han.

Dei fire partia meiner det er fleire område dei kan finne saman på.

– Eg vil ikkje utelukke at det er fleire område vi kan samarbeide på. Det er politikken som er viktigast, og vi samarbeider med dei partia som er einig med oss i ulike saker, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Regjeringserklæringen legges fram i Stortinget

NEDERLAG: Statsminister Erna Solberg må vente fleire nederlag i tida som kjem, skal vi tru Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Søndag, arbeidsliv og sosial politikk

Han trekk fram fleire område der dei står saman om politikken.

– På område som sosial tilhøyrsle, og å hjelpe dei som treng det mest i vårt samfunn, vil eg tru vi kan finne løysingar med Sp, SV og Ap, seier Hareide.

Dei fire har allereie fått gjennomslag for å forhindre open søndagshandel, men Støre trekk også fram andre saker innanfor arbeidslivet der partia vil stå saman.

– Nokon er nøydde å jobbe på søndagar, men det bør vere eit mål at det skal vere så få som mogleg. Vi vil også arbeide for å sikre eit trygt arbeidsliv for alle, samt styrke helseområdet og eldreomsorga, seier han.

– Betyr det at du held ei dør open for samarbeid med desse partia?

– Min dør er open for alle som vil sikre gjennomslag for god politikk.

Senterpartiet løftar fram kommuneøkonomien, jordbruksoppgjeret og revidert nasjonalbudsjett som område der han meiner dei kan samarbeide godt.

– Vi fire er einige om å styrke kommunane sin økonomi og korleis vi skal produsere mat i Norge, seier Vedum.

Erna: – Ikkje uventa

Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg fryktar ikkje noko nytt samarbeid i Stortinget, og seier sakene frå opposisjonen ikkje er uventa.

– Ei mindretalsregjering må alltid vente å gå på nokre nederlag, men dette er ikkje dei viktigaste kjernepunkta, seier statsministeren.

Ho meiner Arbeidarpartiet ikkje burde sjå på dette som store sigrar.

– Dei burde ikkje legge så mykje i dette, dette er saker som ikkje dreier seg om dei store og viktige utfordringane vi står føre, som å skape nye arbeidsplassar, kunnskapsutvikling og klimautfordringane. Der opplev eg stor støtte for regjeringa sitt hovudprosjekt, seier Solberg.

– Kva tenkjer du om at opposisjonen stemmer imot liberalisering i alkohol- og handelspolitikken?

– Vi vil ha ein opplyst debatt, for eksempel på korleis handelsmønsteret forandrar seg, då kan vi ikkje berre seie nei til nye opningstider. Verda rundt oss er i endring, då må også vi vere fleksible, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger