Det var i Dagsnytt 18 i kveld at Ellingsen trekte fram det som blir kalla kjemisk kastrering eller hormonbehandling som eit middel til å hindre seksuelle overgrep mot born.
– Det er offera som er viktigaste her, sa Ellingsen blant anna. Han viste til at det er sett i verk eit prøveprosjekt i Trondheim, der hormonbehandling på frivillig basis for overgriparar blir prøvd ut.
Usemje i fagmiljøet
Psykologspesialist Svein Øverland, som er knytt til Nasjonal tryggingsavdeling på Brøseth i Trondheim, ein del av St. Olavs Hospital, åtvarar mot å tru at hormonbehandling er ein metode som åleine vil føre til at ein overgripar sluttar med overgrep.
Han er med på prosjektet i Trondheim der det blir prøvd ut på frivillig basis å gi overgriparar hormonbehandling for å dempa lysta. Han vedgår at det er usemje i fagmiljøet om hormonbehandling verkeleg er vegen å gå. Forskinga på feltet sprikar, seier han.
– Å få ein overgripar til å slutte med overgrep er ein prosess som skal skje i fengselet, men også etter at vedkomande er sett fri. Det er naudsynt med meir ressursar til dette arbeidet, legg han til.
– Ei lita gruppe
Psykolog Pål Grøndahl minner om at berre rundt 10–12 prosent av dei som forgrip seg mot born, gjer det igjen etter at dei er tekne.
– Det er ei lita gruppe som forgrip seg igjen og igjen, ei lita gruppe menneske som er veldig farlege, og desse må vi få tak i. Vi må ha PC-kontroll, utreisekontroll og andre kontrollmekanismar. Det er denne gruppa som igjen den verkeleg store risikoen, seier han.
Grøndahl minner også om at for dei aller fleste så er vegen frå ein fantasi til å verkeleg utføre eit overgrep, for mange er svært lang.
– Problemet er at når snakkar om slike fantasiar i ei lukka gruppe på nettet. Det eine tek det andre, dei går lenger når dei ikkje møter motførestellingar. Eg trur det er ei mindre kjernegruppe som verkeleg er villig til å gå så langt som å utføre overgrep, men det er fare for at dei hissar kvarandre opp og misser det etiske gangsynet, seier han.
Ikkje mannen med frakk
Grøndahl åtvarar også mot å tru at den typiske overgriparen er mannen som står i frakk utanfor barnehagen og ser skummel ut. Han fortel at i 90 prosent av tilfella så kjenner barnet overgriparen.
Denne gruppa overgriparar er også dei som gjer seg minst skuldige i andre lovbrot. Ofte er dei svært velfungerande, og mange har høgare utdanning, kan han fortelje,