Hopp til innhold

– Vi kan snu om tigging endå ein gong

– Eg var ikkje komfortabel med forslaget som kom frå regjeringa, seier Sandra Borch i Tromsø Senterparti. Men ho ser ikkje bort frå at Senterpartiet kan gå god for eit nasjonalt tiggeforbod som er annleis formulert.

Tigging

Høyringsnotatet frå regjeringa ville forby tigging, og kriminalisere dei som hjelper tiggarar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Torsdag vart det klart at regjeringa ikkje får gjennomslag på stortinget for eit nasjonalt tiggeforbod. Både Høgre og Framstegspartiet er for eit slikt tiggeforbod i partiprogramma sine, men då Senterpartiet brått tok ei heilomvending og snudde ryggen til forslaget, var slaget tapt.

Forslaget kriminaliserer ikkje berre tigging. Det forbyr også personar å hjelpe tiggarar.

Sandra Borch

Sandra Borch i Tromsø Senterparti ser ikkje bort frå at partiet vil støtte eit tiggeforbod som en annleis formulert.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

– Pinleg, meiner Borch.

– Forslaget i dag er pinleg og uverdig, og Senterpartiet kunne aldri ha gått med på det. Og det er urimeleg at regjeringa forsøker å seie at dette er vårt forslag, seier Borch.

Kan framleis stå inne for eit tiggeforbod

På spørsmål om Senterpartiet kan støtte eit nasjonalt tiggeforbod, svarer Sandra Borch at ho ikkje vil sjå bort frå ei slik moglegheit.

– Eg ser ikkje bort frå noko som helst, men det er veldig lite støtte til det forslaget regjeringa har lagt fram. Vi har kome godt på veg med dei lokale forboda, men slik forslaget står no er det uaktuelt, seier ho.

– Senterpartiet har fått kalde føter

Peter Christian Frølich er stortingsrepresentant for Høgre, seier at Høgre fint kan leve med utfallet av saka, men stiller spørsmål om Senterpartiet kan gjere det same.

– Det var Senterpartiet som insisterte på reglar mot tigging. Det er dei som har argumentert mest for denne saka, og så skal det ikkje meir til enn eit justerbart høyringsnotat til før dei får kalde føter og byrjar å vingle, seier Frølich.

Han er klar på at Senterpartiet gjekk til val med dette forbodet, og at partiet bryt løftet til vejarane sine.

Politisk kvarter Borch

– Ville aldri straffe medmenneske

Sandra Broch i Tromsø Senterparti seier at kampen mot tigging har handla om å ta eit oppgjer med menneskehandel og annan kriminalitet.

– Denne debatten er uverdig og har feil fokus. Senterpartiet ønsker å føre ein debatt som går på premissane om å legge til rette for sosiale tiltak for dei fattige, seier Borch.

Frølich frå Høgre seier at slik som forslaget ligg no, ville aldri ha passert ut av regjeringa, og at både Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet er samde om at ein aldri skal straffe medmenneskelegheit.

AKTUELT NÅ