Hopp til innhold

– Vi føler smerta saman og er eitt

Det muslimske miljøet i Norge kjende seg mistenkeliggjort i timane etter terrorangrepa på fredag. Fem dagar etter føler mange at samhaldet er sterkare enn nokon gong.

Video Føler seg som en større del av fellesskapet

Føler seg som ein større del av fellesskapet.

Kronprins Haakon

Kronprins Haakon møtte delar av det muslimske samfunnet i ein moské i Grønland i går.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

I dei hektiske timane etter bomba small i Oslo sentrum fredag vart mistanken fort retta mot muslimske terrorgrupper. Fleire vart hetsa på open gate.

Les: Muslimer ble hetset etter terroren

– Det første spørsmålet som fall meg inn var «Kven»? Eg tenkte «Ikkje no igjen». Eg trudde sjølvsagt som alle andre minoritetar at det var ein eller annan gal muslimsk terrorist som hadde gjort det, seier Fatima Ali Madar, som var på eit samtalemøte med inkluderingsminister Audun Lysbakken i går, til NRK.

– Dette er eit angrep på mangfaldet i Noreg, og på dei politiske kreftene som er for mangfald. No må vi vise at vi står saman, seier Lysbakken.

Les: – Innvandringsdebatt gir ubehag

I dei hektiske timane etter bomba small i Oslo fekk også generalsekretæren i Islamsk Råd, Mehtab Afsar, møte mistanken mot muslimar.

– Det var mange norske journalistar som tok kontakt med meg med spørsmål om eg hadde forståing for at dette hadde skjedd og om eg kunne forklare mekanismane bak dette. Det er horrible spørsmål, seier han.

Moské

Kronprins Haakon og utanriksminister Jonas Gahr Støre besøkte ein moské på Grønland i Oslo i går. Fleire muslimar seier at dei siste dagane har bygd bruer og skapt forsoning.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Føler det er min feil

Sophia (13), frå Grünerløkka, spurde i NRKs nettmøte med krisepsykologar om terrorangrepa var hennar feil:

«Hei. Jeg er 13 år og norsk muslim jeg føler det er min feil. Han sier han drepte alle de fordi jeg er her,. Burte jeg flytte ut for å beskytte norske barn i framtiden? Det er det jeg føler. Hilsen Sophia.»

Slik svarte krisepsykolog Siri Thoresen: «Kjære Sophia! Bli i landet vårt! Vi trenger deg! Dette er ikke din skyld! Hilsen Jon Håkon og Siri»

Les: Nettmøte med ekspertar

Fem dagar etter terrorangrepa melder fleire muslimar og andre minoritetar om eit nasjonalt samhald dei aldri har opplevd maken til. I staden for større avstand og hat har dei siste dagane bygd bruer.

– Folk er mykje venlegare, dei smiler til deg. Det er ikkje dei og oss det handlar om, det er vi det handlar om. Og vi føler smerta saman og er eitt, seier Fatima Ali Madar.

Moskémøte med kronprinsen

Forsoninga heldt fram i ein moské på Grønland i går kveld. Kronprins Haakon og utanriksminister Jonas Gahr Støre møtte ein del av det muslimske miljøet for å minnast dei som miste livet på Utøya og i Oslo sentrum.

Les: Kronprinsen mintes ofrene i moské

Det vart eit nært møte mellom kronprinsen, utanriksminister og medlemane i moskéen.

– No samlast nordmenn over heile landet alle stadar og så kjem vi til kvarandre. Og eg opplever at det sender bodskapen om det som er aller viktigast no, nemleg at vi står saman, seier Jonas Gahr Støre til NRK.

Sjå reportasje frå Dagsrevyen:

Video Kronprins Haakon på minnemarkering i moske

Kronprins Haakon på minnemarkering i moské.

– Stolt av å vere norsk

– Vi er eit mangfaldig samfunn og vi minner i dag ei mangfaldig gruppe av uskuldige ofre, sa imamen i talen sin.

Fleire ga kvarandre klem og viste omsorg for kvarandre.

– Storesystra mi, som bruker det muslimske hovudplagget hijab, var på minnemarkeringa på Rådhusplassen måndag. Under markeringa opplevde ho fleire gongar at det kom etnisk norske kvinner bort til henne og ga henne ein klem, som eit symbol på at dette er noko vi alle går gjennom, at vi står samla, seier Najeeb Naz.

Sjå bileta frå rosemarkeringane: Blomster over heile Noreg

Iqbal Raja var ein av dei som signerte kondolanseprotokollen på veg ut av moskéen.

– Eg har skrive at eg er stolt av å vere norsk.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger