Hopp til innhold

– Vi brukar masse oljepengar på vegutbygging i Noreg

Nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Anne Marit Bjørnflaten (Ap), avviser påstanden om at Noreg ikkje torer å bruke oljepengar på vegutbygging av frykt for inflasjon.

Vegutbygging E18

Utbygginga av E18 har vore ei av dei største samferdsleprosjekta her i landet dei siste åra.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Anne Marit Bjørnflaten

Anne Marit Bjørnflaten er nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Sanninga er at vi brukar veldig mykje på veg. Til samanlikning brukar vi neste år 12 milliardar kroner meir enn Sverige. Vi gjer no eit historisk samferdsleløft, og pengane kjem via statsbudsjettet. Det er heilt utan rentekostnader, seier Bjørnflaten.

– Historisk vegsatsing

Ho kan fortelje at det i 2012 vil bli brukt 16,3 milliardar kroner på riksvegar og 12,6 milliardar kroner på fylkesvegar. Det vil bli kravd inn ti milliardar kroner i bompengar, og litt over halvparten av dette går til investeringar i veg.

Ho kjenner seg ikkje igjen i kritikken av norsk vegutbygging som professor Erik S. Reinert målber i ein artikkel i Teknisk Ukeblad , som også er referert i ein artikkel på NRK.no .

Reinert meiner Noreg burde bruke meir av oljeformuen på utbygging av infrastruktur, fordi det vil styrkje norsk konkurranseutsett næringsliv. Og dermed blir det heller ikkje inflasjonsdrivande, meiner han.

– Det er nettopp dette vi gjer med den historiske satsinga på samferdsel. Ein må hugse at det berre er ein liten del norsk vegutbygging som skjer gjennom bompengefinansiering. Det aller meste blir finansiert over statsbudsjettet, seier ho.

– Statleg landevegsrøveri

Bård Hoksrud (Frp)

Bård Hoksrud (Frp) er andre nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Andre nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget, Lars Hoksrud (Frp) reagerer sterkt på opplysningane om at norske oljepengar finansierer vegutbygging i Tyskland til ei rente på 1,8 prosent, medan norske bompengeprosjekt må betale ei rente på 6,5 prosent.

– Dette viser at regjeringa ikkje bryr seg om eigne borgarar, og at ein ikkje har skruplar mot å drive statleg landevegsrøveri, seier Hoksrud til NRK.no.

Han synest det er trist at andre land kan låne pengar billeg i Noreg for å styrkje sin eigen infrastruktur, samstundes som eit stortingsfleirtal her i landet seier at vi ikkje kan gjere det.

– Dette fører til ei svekking av konkurransekrafta til norsk næringsliv, dessverre, seier Lars Hoksrud.

Anne Marit Bjørnflaten seier at norske bompengeprosjekt ikkje har ei reell rente på 6,5 prosent. 6,5 prosent er satsen som departementet set for å vere sikker, medan den reelle renta er mykje lågare, om lag på marknadsrentenivå. Ho meiner dette er ei viktig årsak til at dei fleste norske bompengeprosjekt bli betalt ned fortare enn budsjettert.

– 20 milliardar ekstra

Nils Terje Furunes, konsernøkonom DNB

Nils Terje Furunes meiner Noreg kan bruke 20 milliardar oljekroner ekstra utanom statsbudsjettet til vegutbygging.

Foto: Frank Nygård / NRK

Tidlegare konsernøkonom i DnB, Nils Terje Furunes, er samd i at ein ikkje treng å vere redd for inflasjon for å satse ytterlegare på vegar. Han seier til Teknisk Ukeblad at Noreg trygt kan bruke 20 milliardar ekstra utanom statsbudsjettet til nye vegar og utbetring av stamvegnettet kvart år, utan at det vil føre til inflasjon.

Han meiner at Oljefondet har hatt altfor dårleg avkasting i fleire år, og at fleire prosjekt her i landet ville gi høgare avkasting enn det fondet har prestert ute.

– Vi treng ikkje vere redde for inflasjon. Det er ledige ressursar av arbeidskraft i mange europeiske land, og med bruk av denne arbeidskrafta blir det ikkje press på økonomien her heime. I tillegg gjer vi Europa ei enorm teneste med å kjempe mot arbeidsløysa, seier Furunes til Teknisk Ukeblad.

Råd frå Sentralbanken

Til dette seier Anne Marit Bjørnflaten at regjeringa følgjer råda frå Sentralbanken om å halde igjen på bruken av oljepengar, for å hindre inflasjon og auka kronekurs, som igjen rammar norsk næringsliv.

Ho minner om at det alt er mange utanlandske arbeidarar på norske samferdsleanlegg i dag, og at det også er viktig å hugse på at utanlandske entreprenørar også må bruke norske underleverandørar.

– Det blir feil å seie at ein unngår inflasjon berre fordi ein brukar utanlandske entreprenørselskap, fordi dei også brukar pengar her i landet, seier ho.

AKTUELT NÅ