NRK Meny
Normal

– Ventetid på politiattest skaper problem for vektarbransjen

Politiet greier ikkje å ta unna søknader om vandelsattest fort nok. Dette skaper store problem for vektarbransjen, som no er inne i den travlaste tida på året.

Asylmottaket på Brunstad

Politiattest for dei som skal jobbe på asylmottak, har prioritet, Her frå Brunstad i Stokke i Vestfold.

Foto: Mathilde Torsøe / NRK

– Tidlegare tok det ei veke å få ein uttømmande vandelsattest frå politiet. No har det gått seks veker, og vi har enno ikkje fått attesten for ein nytilsett, seier dagleg leiar i selskapet Norsk Vektertjeneste, Rolf Thorkildsen, til NRK.

Han er fortvila over at det tek så lang tid. Det er ikkje mogleg å få jobb i vektarbransjen før ein politiattest er i orden, og desember er toppsesong.

Asylmottak prioritert

Rolf Thorkildsen

Dagleg leiar Rolf Thorkildsen i Norsk Vektertjeneste seier at den lange ventetida på politiattest skaper store problem for selskapet.

Foto: Norsk Vektertjeneste

– Vi har snakka med politiet om dette, men dei kan ikkje gjere noko. Dei har instruks om å prioritere søknader frå personar som skal jobbe på asylmottak, seier Thorkildsen.

Behandlinga av søknader om politiattest, såkalla uttømmande vandelsattest, er lagt til politiet i Vardø. Der har dei fått sterkt auka arbeidsmengd etter den kraftige auken i talet på asylsøkjarar, og dei skal prioritere dei som skal jobbe på asylmottak.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med leiar for avdelinga, Leif Sætrum, i dag. 25. november sa han til NRK at 34.000 personar venta på politiattest , og at det var minst seks vekers ventetid.

Det er 24 tilsette ved politiattestontoret, og av dei jobbar 18 spesifikt med å skrive ut politiattestar.

Stor pågang til vaktselskapene

Meir overtid

For vektarbransjen skaper forseinkinga store problem. Det at dei ikkje får tilsetje nye medarbeidarar, fører til sterkt press om overtid for dei som er i jobb.

– Vi treng meir folk fort, men får ikkje tilsetje så lenge ikkje politiattesten er klar. Vi går mot jul, det er ekstra mykje å gjere for oss, så dette er problematisk, seier Rolf Thorkildsen.

Ansvarleg for vektar- og tryggingsbransjen i NHO Service, Runar Karlsen, stadfestar at den lange ventetida på politiattestar gir utfordringar for bransjen.

Runar Karlsen i NHO Service.

Runar Karlsen i NHO Service håper på ei løysing før situasjonen blir kritisk.

Foto: NHO

– Situasjonen er i ferd med å bli alvorleg. Vi har høyrt om tilfelle med opp mot åtte vekers ventetid, og i tillegg til at det er vanskeleg for bransjen, så er det også dårleg samfunnsøkonomi. Dei som ventar må kanskje leve på stønad frå Nav, seier Karlsen.

– Må bemanne opp

Han fortel at NHO har sendt brev til Politidirektoratet der dei har peika på problema den lange ventetida har skapt, og at dei håpar på ei ordning før situasjonen for bransjen blir kritisk.

– Vi meiner dei må bemanne opp, eller sjå på andre moglege alternativ, som å føre tilbake politiattestane til politidistrikta som ei mellombels ordning, seier Runar Karlsen. Han minner om at det ikkje berre er vektarbransjen som lir under dette, men også barnehagar og idrettslag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger