Hopp til innhold

– Det var ikkje dette Kristin Halvorsen lova oss

Lærarane er skuffa over at mange skular framleis vil ha for mange elevar per lærar. – Dette er ikkje eit løftebrot, svarar kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kristin Halvorsen vs. Mimi Bjerkestrand

Mimi Bjerkestrand, leiar for den største fagforeininga for lærarar, Utdanningsforbundet, er skuffa over Halvorsen.

Foto: NTB Scanpix

NRK har i dag fortalt at Regjeringa ikkje kjem til å nå målet om å sikre lærartettleiken i grunnskulen innan 2013.

Soria Moria II-erklæringa sa det skulle kome ein lovnorm som skulle nå alle dei 3000 norske grunnskulane i denne regjeringsperioden. Men det er ikkje det som skjer i komande statsbudsjett.

Der kjem heller Regjeringa med eit forsøksprosjekt som vil nå om lag 200 av ungdomsskulane i landet. Det er skular der elevane har dårlige snittkarakterar som får midlane.

– Tidenes mageplask

– Dette er ikkje den minstenorma som vart lova i 2009, seier Mimi Bjerkestrand, leiar for den største fagforeininga for lærarar, Utdanningsforbundet.

– Det er ein god nyheit for nokre skular, men kunne vore det for mange fleire, seier ho.

Heller ikkje Høgre er imponert.

– Dette må vere tidenes mageplask frå kunnskapsministeren, meiner utdanningspolitisk talskvinne Elisabeth Aspaker.

Ikkje gitt opp

Stortingsrepresentant Elisabeth Aspaker, ( H ), Troms

Utdanningspolitisk talskvinne Elisabeth Aspaker er ikke imponert.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Men kunnskapsminister Halvorsen seier Regjeringa framleis ikkje har gitt opp å nå lovnaden, sjølv om det ikkje blir fullt innfridd i det siste statsbudsjettet før Stortingsvalet 2013.

Ho understrekar at Regjeringa også kjem til å kome med ei lovendring før stortingsvalet.

– Vi kjem til å komme med et forslag til lovendring som gir oss ein heimel til å gå inn og bestemme kor mange elevar det skal vere i skulen, seier Halvorsen.

– Men veit du i dag kva den lova vil seie om forholdstalet mellom elevar og lærarar?

– Ei slik lovendring går ut på at ein kan ha en heimel for å bestemme kor mange elevar det skal vere per lærar. Vi følgjer opp våre lovnader frå Soria Moria II og går i gang på ungdomstrinnet med 600 øyremerkte stillingar. Eg meiner det er ei veldig god løysing for å kome i gang med auka lærartettleik, seier kunnskapsministeren.

Sjølv om det skulle kome ei lovendring til våren, vil altså dei budsjettmessige endringane som gjeld for neste år berre nå eit lite mindretal av norske skular.

– Ein betre måte

– Dette er då ikkje den minstenorma som er skildra i Soria Moria II?

– Dette er ein betre måte å gå fram på. Det er ei oppfølging av lovnadene. Det er ikkje løftebrot, tvert imot.

– Så Regjeringa fann ein betre måte å innfri dette på enn den måten de skreiv det på i regjeringserklæringa?

– Det er heilt riktig. Vi fekk nokre motførestellingar i den runden vi har hatt. Det betyr at vi går fram på ein annan måte, men SVs mål er sjølvsagt at vi skal få ein regel for lærartettleik som på sikt sikrar eit tal på elevar per lærar, seier Halvorsen.

Grunnen til at vi må gå stegvis fram er at vi skal ha lærarar som har kvalifikasjonar og ikkje fleire ufaglærte inn i skulen.

– Ho har gått så høgt på bana. Det har aldri vore tvil om at det skulle kome ein slik lærarnorm. Men når det er sagt, så ønskjer eg velkomen at Regjeringa har lagt seg på ein litt annan kurs, seier Elisabeth Aspaker (H).

AKTUELT NÅ