– Kraftig angrep - men ikkje spesielt avansert

– Dataangrepet mot norske selskap i går var uvanleg kraftig, men ikkje spesielt avansert, seier IT-sjef i Telenor, Lars Vågsdal.

Lars Vågsdal er IT-sjef i Telenor.

IT-sjef i Telenor Lars Vågsdal seier at datangrepet i går var uvanleg kraftig.

Foto: Telenor
Bent Tanstad
Journalist

Lars Vågsdal fortel at det i går var to såkalla tenestenektangrep, eitt ved 12-tida og eitt nytt ved 18-tida.

– Vi handterte desse angrepa på vanleg måte. Saman med samarbeidspartnarane overvakar vi datatrafikken 24 timar i døgnet. Dersom vi opplever at nettet eller systema våre blir treigare, er det første vi sjekkar om det har vore eit angrep, seier han.

Raskt oppe igjen

IT-sjefen seier at det gjekk ut over tenestene til Telenor berre i ein kort periode. Etter den første bølgja med angrep ved 12-tida tok det rundt 30 minutt å få systema i orden igjen, medan det etter den andre bølgja seinare på dagen tok cirka 20 minutt.

– Slike angrep er nesten kvardagskost for oss. Det blir stadig meir vanleg, men det er sjeldan at vi opplever den styrken i angrepet som i går, seier Vågsdal. Han seier dei ikkje har konkludert med kven som stod bak angrepet, men at dei vil melde saka til politiet.

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet har det øvste ansvaret for datatryggleik her i landet.

Foto: Njord Røv / NRK

Han er nøgd med at Telenor handterte problemet veldig raskt. Han kan fortelje at dette er eit felt Telenor tek svært alvorleg, og at datatryggleik er eit satsingsområde for selskapet.

Tung kompetanse

– Saman med partnarane våre så har vi mellom 70 og 80 personar med tung kompetanse som jobbar med dette. Dataangrep er eit aukande samfunnsproblem, og vi investerer meir og tilset fleire ekspertar for å vere best mogleg rusta, seier Vågsdal.

Han har ingen indikasjon på at angrepet var økonomisk motivert, men at det heller er snakk om å utfordre selskapet sine system.

Angrepet i går kveld gjekk det blant anna ut over flyselskapa. SAS, Norwegian og Widerøes var i dag oppe igjen som normalt etter angrepet i går kveld.

Tidlegare på dagen vart det gjennomført eit større dataangrep mot fleire bankar og finansselskap, eit angrep som truleg er det første som har ramma så mange store og sentrale aktørar i finansnæringa. Angrepet førte til store problem med nettsider og nettbankløysingar frå tysdag føremiddag til langt ut på kvelden.

– For tidleg å kommentere

Både Noregs Bank, Telenor og bankane DnB, Sparebank 1, Nordea og Dansk Bank, samt forsikringsselskapa Storebrand og Gjensidige, vart ramma av dataangrepet.

Noregs Bank har vore utsett for slike angrep tidlegare, men det er første gong at nettsidene er sette ut av spel, melder Dagens Næringsliv.

Fredrik Ruud Johnsen i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet seier til NRK.no at det er for tidleg for dei å kommentere dataangrepet i går, men at dei følgjer situasjonen tett vidare.

Ruud Johnsen viser til dette bloginnlegget for å få informasjon om korleis eit slikt angrep artar seg.

I denne bloggen blir det vist til ei forklaring på kva eit tenestenektangrep (DDoS)-angrep) er, som i går vart lagt ut på Twitter:

Noen kjører et par lastebillass med grus og dumper det utafor ei butikk. Konsekvensen er at du som kunde fysisk ikkje kjem inn i butikken og butikkeieren greier ikkje å opne døra innenifra (i kvart fall ikkje umiddelbart) slik at butikkeieren kan tilby deg sine tenester. (Arne B. Espedal)

– Anonymous står bak

Ei gruppe som kallar seg Anonymous seier dei står bak angrepet. Ein person som er med i denne gruppa seier i eit intervju med digi.no at dei har gjort blant anna for å setje fokus på den dårlege datatryggleiken her i landet.

LES OGSÅ: Mulig dataangrep mot norske flyselskaper i kveld

LES OGSÅ: DNB-sider var nede etter dataangrep

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger