NRK Meny
Normal

– Utfordrande å kontrollere Nav-utbetaling i utlandet

– Det er utfordrande å kontrollere om utanlandske statsborgarar med ytingar frå Nav, faktisk oppfyller krava for å få pengane, seier forskar ved Frischsenteret. Nærare 90.000 personar busett i utlandet fekk velferdspengar frå Nav i 2013.

Arbeidslivsforsker Knut Røed ved Frischsenteret

Forskar Knut Røed seier det er vanskeleg å kontrollere at utanlandske statsborgarar i andre land faktisk har krav på pengar frå Nav.

Foto: NRK

– Det er openbert at det er ei utfordring å kontrollere at nokon til dømes ikkje arbeider ved sidan av trygdeytingar når det er snakk om andre land, det seier Knut Røed, som er seniorforskar ved stiftinga Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking.

Røed seier også at det er vanskeleg å avdekke at det reelt sett dreier seg om sjukdom. Men han legg til at det ikkje er nokon grunn til å tru at det er meir svindel i til dømes Polen enn i Noreg.

Får Nav-pengar frå polsk sjukemelding

I dag kom det tal som viser at Noreg eksporterte 6,8 milliardar kroner i trygdeytingar til utlandet i 2013. 455 millionar kroner går til velferdsytingar til Polen. Dette er i all hovudsak til polakkar som har jobba og opptent rettar i Noreg, og som så reiser heim til Polen.

Ein polsk arbeidar busett i Polen med rett på trygdeytingar frå Noreg, kan gå til ein polsk lege for å få sjukemelding, og slik også få sjukepengar frå Nav. Då må vedkomande ha arbeidd i Noreg i 3 år.

– Trygdeeksport reiser store dilemma. Det å få trygdeytingar med seg til Polen eller Litauen gir ei kjøpekraft langt utover det har i Noreg. Det kan gjere at motivasjonen for å kome tilbake til arbeidslivet er lågare enn her i Noreg, seier Røed.

Magne Fladby, direktør i Nav, kontroll innkreving

Magne Fladby i Nav seier det finnast rutinar for å kontrollere sjukemelde i utlandet som får trygd frå NAV.

Foto: Holm,Morten / SCANPIX

– Følger nøye opp

Nav er klar over utfordringa. Men fungerande ytingsdirektør Magne Fladby meiner dei har gode nok rutinar.

Vi har eit bra oppfølgingsregime rundt mange av ytingane i utlandet, og det vert følgt opp omtrent på same måte som i Noreg, med nokre forskjellar, seier fungerande ytingsdirektør Magne Fladby i Nav.

Han seier at dei kontrollerer desse sjukemeldingane på same måte som i Noreg, og dei kontrollerer dei hyppigare enn vanleg.

– Vi har ikkje noko elektronisk system for innsending av sjukemeldingar frå Polen. Det betyr at vi tek desse manuelt, og vi ser på blant anna om villkåra for sjukepengar er oppfylt, seier Fladby.

– Bør ha tettare og raskare oppfølging

Knut Røed trur det er lurt med eit oppfølgingsregime som gjer at folk ikkje rekk å reise ut av landet.

– Det vi treng er eit tett oppfølgingsregime som inneber at arbeidsplass, arbeidsgivar, arbeidstakar og legen som skreiv ut sjukemeldinga jobbar for å få den sjuke ut i tilpassa arbeid så raskt, at moglegheita for eksport av sjukepengar er vanskeleg, seier Knut Røed.

Kan gjøre noe med folks motivasjon, sier seniorforsker i Frischsenteret, Knut Røed
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger