NRK Meny
Normal

– Utan pengane frå Nav hadde livet blitt vanskeleg

Nye tal frå Nav viser at mange millionar kroner av velferdsytingar går til arbeidsinnvandrarar som har opptent rettar i Noreg, og får ytingane i sitt heimland. Tadeusz Knowski er ein av dei som ikkje hadde klart seg utan desse pengane.

Knowski

Tadeusz Knowski har blant anna kjøpt seg bil med automatgir og lagt brustein for Nav-pengane han har opparbeida rett til.

Foto: Tormod Strand / NRK

I 2008 byrja Tadeusz Knowski å arbeide i Noreg. Året etter vart han sjuk, og han har teke imot norske sjukepengar og arbeidsavklaringspengar i fire år, slik han har krav på.

I Polen er pengane verdt mykje.

– Bilen har automatisk girkasse, og eg kan køyre den ved å berre bruke eitt bein, seier Knowski om bilen han kjøpte for stønaden frå Nav.

Kjøpte bil og la brustein for Nav-pengane

Tadeusz Knowski

Knowski budde i Bergen, og har mange gode minner frå den tida. Her viser han eit bilete frå akvariet i Bergen.

Foto: Tormod Strand / NRK

Utanfor huset sitt i Polen viser Knowski fram ein brusteinslagt oppkøyrsel. Den hadde han ikkje hatt råd til dersom han ikkje fekk dei pengane han no får.

– Eg synest at eg har hatt mykje hell med meg også. Hadde dette skjedd i Polen, så hadde situasjonen min vore veldig vanskeleg. Eg kjenner mange som tek imot polske ytingar, og situasjonen deira er svært dårleg, seier Knowski.

Ei frostskade på jobben i Noreg gjorde at han måtte amputere det høgre beinet sitt. Han har også nyresvikt. No ventar han på svar på søknad om uførepensjon.

Milliarder av NAV-kroner blir sendt til utlandet.

455 millionar i trygd til Polen

I dag kom det tal som viser at Noreg i 2013 eksporterte 455 millionar kroner til velferdsytingar til Polen. Dette er i all hovudsak til polakkar som har jobba og opptent rettar i Noreg, og som så reiser heim til Polen.

Verdien av desse ytingane i Polen er store. Eit døme er at det du tek imot i dagpengar frå Noreg på grunn av arbeidsløyse er fire gonger så høgt som ei gjennomsnittleg arbeidsinntekt i Polen.

Tadeusz Knowski måtte amputere foten

Knowski måtte amputere foten etter ei arbeidsulukke i Noreg.

Foto: Tormod Strand / NRK

Nav ser problemet med utbetalingane

Det er Nav som utbetalar desse pengane. Magne Fladby er fungerande ytingsdirektør og ser dilemmaet.

– Meininga med å kome tilbake til jobb kan nok vere noko annleis ein tek imot desse pengane, fordi det er eit lågare kostnadsnivå i til dømes Polen, seier Fladby.

– Regjeringa jobbar med å avgrense trygdeeksport

Regjeringa har heilt sidan dei kom til makta sagt at den vil avgrense eksport av trygdeytingar. Dei har sagt at storleiken på trygdeytingane ikkje må vere høgre enn løna. Men lite har skjedd.;

Robert Eriksson

Robert Eriksson seier regjeringa er i gong med eit arbeid for å avgrense trygdeeksport.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Dette er også eit spørsmål som burde ha vore stilt til den raudgrøne regjeringa, for Framstegspartiet er det viktig å få avgrensa eller stansa eksporten av trygdeytingar. Difor er regjeringa godt i gong med å legge fram konkrete forslag til tiltak, seier arbeids- og velferdsminister Robert Eriksson.

Tadeusz Knowski i Polen meiner Nav må kontrollere polakkar betre, for moglegheita for juks er stor.

– Personleg kjenner eg ikkje slike personar. Men eg har høyrt om mange. Det er eit breitt felt for dei som vil svindle med systemet, seier Knowski.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger