Bompengeparti-topp: – Useriøst å stille spørsmål om kutt før valet

Bompengepartiet vil fjerne alle bomstasjonar, men det er først etter valet det er mogleg å svare detaljert på kor dei vil kutte for å hente inn inntektstapet, seier partiets frontfigur.

Frode Myrhol

Frode Myrhol i Stavanger FNB meiner det er umogleg å seie noko detaljert om budsjettet for perioden 2020-2023 på dette tidspunkt.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Me veit heller ikkje per dags dato eksakt kor me skal hente inn att pengane. Det veit me den dagen rådmannen legg fram sine tal. Då veit me kva slags budsjettrammer me har å jobbe med.

Det seier Folkeaksjonen Nei til bompengar (FNB) sin ordførarkandidat i Stavanger, Frode Myrhol. Han er også listetopp på partiets liste til fylkestingsvalet i Rogaland.

Han meiner alle spørsmål om korleis FNB meiner inntektstapet som nedlegging av bomstasjonar vil medføre, må vente til budsjettforhandlingane i oktober, altså etter valet.

– Her spør du altså om svar på ting som ingen kan gje deg midt i juli, og definitivt ikkje i eit valår. Å svare på dette vil vere heilt useriøst av oss, det er overhovud ikkje linja me legg oss på, seier Myrhol.

– Dei går til val på å fjerne ei inntektskjelde

Valforskar Johannes Bergh meiner på si side det er heilt naturleg at spørsmål om kutt kjem før valet.

Johannes Bergh

Valforskar Johannes Bergh meiner ein ikkje må undervurdere den symbolske makta som bompengepartia kan oppnå i September.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

– Dei fleste ønskjer i alle fall eit generelt svar på det spørsmålet, nettopp fordi at når ein tek bort ei inntektskjelde, så oppstår spørsmålet om korleis ein skal erstatte den. Men ein kan kanskje ikkje forvente veldig detaljerte svar, seier han.

Vil ikkje forskottere

Frode Myrhol kan på vegner av Stavanger FNB komme med nokre innsparingsforslag no. I deira alternative budsjett for 2019 - 2022 har dei mellom anna føreslått å droppe bygging av eit kyrkjebygg utsette oppussinga av rådhuset og spare pengar ved å få ned sjukefråveret. Når det gjeld bompengar vil dei sette av 10 millionar for å subsidiere dei som har det trongt økonomisk.

Men å forskottere kva kutt Stavanger FNB vil gå inn for i framtida vil han ikkje gjere før valet. Han meiner uansett det er staten som må ta rekninga for all vegbygging i Noreg.

I fjor henta landets bomstasjonar inn omkring 11 milliardar kroner. Fleire av bomprosjekta i Noreg er samarbeid mellom fleire kommunar, og også mellom kommune, fylke og stat.

Jobbar med økonomiske planar i Bergen og Oslo

I tillegg til å ville fjerne bomstasjonane går også partiet til val på å halde fram med vegbygging og styrke kollektivtilbodet.

NRK spurt fleire av dei største lokallaga til FNB om ein detaljert økonomisk plan for kor dei vil hente inn pengar om folk skal betale mindre i bompengar i framtida.

Bjørn Revil, Folkeaksjonen nei til mer bompenger

Bjørn Revil, toppkandidat i FNB Oslo.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Ingen av dei tre største lokallaga har sagt at dei har ein slik plan per dags dato. I Bergen svarer lokallaget at dei jobbar med å få på plass ein økonomisk plan innan 17. august. Og i sitt valprogram for 2019-2023 skriv dei at dei vil stanse vidare utvikling av bybanen.

Trym Aafløy

Trym Aafløy, leiar i FNB Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Lokallaget i Oslo seier at dei også held på å jobbe med ein plan, sjølv om lokallagets leiar sa i ein debatt på VGTV i midten av juni at ein plan ville vere klar i løpet av ei veke. I deira valprogram står det at dei synest den politiske leiinga i Oslo er for dyr i drift, og at det på det punktet er pengar å spare.

Må vente til etter valet

Men i Stavanger er svaret altså annleis, og partiets grunnleggjar og ordførarkandidat meiner det ikkje er mogleg å gje eit detaljert svar før i oktober, ein månad etter valet.

– Budsjetta i dei store byane byrjar me å jobbe med i byrjinga av oktober, så det å få spørsmål om det i juli blir useriøst å svare på, seier Frode Myrhol, og lover at NRK skal få detaljerte svar på sine spørsmål då.

Men Myrhol viser til at partiet har nokre generelle svar no.

  • Dei vil redusere kostnader i samferdselsprosjekt
  • Omdisponere på statsbudsjettet.
  • Bruke meir oljepengar.
  • Om dette ikkje er nok, opnar dei for å heve personskatten.

Dei fleste av desse løysingane er nasjonale, og partiet meiner at staten må betale for vegane. Likevel stiller dei til val også lokalt, med mål om å flytte politikk likevel.

Når me kjem til makta vil staten, regjeringa og Stortinget møte tøffe politikarar på lokalt nivå som kjem til å stille krav. Me kjem ikkje berre til å danse etter deira pipe, seier Myrhol.

Symboleffekt

Bompengepartia leverer veldig gode tal på valmålingane. Statsvitar Bergh meiner ein ikkje må undervurdere den symbolske makta som bompengepartia kan oppnå i september.

– Den symbolske effekten av eit godt val for bompengelistene kan vere ganske stor, og også ha politiske konsekvensar, seier han.

Han trur det er fleire grunner til at partiet ligg an til å gjere det så godt i haustens lokalval.

– Dei har aktualisert eit spørsmål mange er opptekne av. Ein ting er bompengar i seg sjølv, men også generell skepsis til klimatiltak kan ein mobilisere mange veljarar på. Mange irriterer seg over klimatiltak, og mobiliserer breitt på det, seier Bergh.

SISTE NYTT

Siste meldinger