NRK Meny
Normal

– Uaktuelt å revurdere Hagens Nobel-kandidatur

Parlamentarisk leiar i Framstegspartiet, Hans Andreas Limi, gjer det klart at Carl I. Hagen er partiet sin kandidat til Nobelkomiteen, og at det ikkje er aktuelt med ei ny vurdering av dette.

Hans Andreas Limi er parlamentarisk leiar i Frp.

Parlamentarisk leiar i Frp, Hans Andreas Limi, seier det er uaktuelt å vurdere ein annan kandidat enn Carl I. Hagen som partiet sin kandidat til Nobelkomiteen.

Foto: NRK

Limi seier dette til NRK i samband med Framstegspartiet sin haustkonferanse på Gardermoen i dag. Han meiner likevel at det er naudsynt med eit klarare regelverk for kven som kan veljast inn i komiteen.

Førstkomande måndag er det på Stortinget der Stortingspresidenten og dei parlamentariske leiarane deltek. Her skal dei blant anna diskutere om Hagen er valbar til Nobelkomiteen.

– Manglande regelverk

Carl I. Hagen.

Tidlegare partileiar Carl I. Hagen er Framstegspartiet sin kandidat til Nobelkomiteen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Her vil Limi ta opp det han meiner er eit manglande regelverk for kven som kan veljast inn i Nobelkomiteen, og han håpar at det blir mogleg å få til klarare reglar for kven som kan veljast inn.

Det har vore sterke reaksjonar på at partiet ynskjer Carl I. Hagen inn i Nobelkomiteen, både internt i Framstegspartiet og i andre parti på Stortinget. Årsaka er at Hagen er varerepresentant på Stortinget. Arbeidarpartiet har gjort det klart at dei vil setje seg imot kandidaturet til Hagen.

Nobel-krangel før Hagens skjebnedag på måndag

Seinare har det kome fram at Thorbjørn Jagland frå Ap var møtande stortingsrepresentant då han vart valt inn i komiteen i 2008.

Limi gjer det klart at det er uaktuelt at eit eventuelt nytt regelverk vil få innverknad på valet av Hagen. Han ser føre seg at nye reglar kan gjelde frå og med neste stortingsperiode.

Overveldande fleirtal

– Eit overveldande fleirtal i partiet ynskjer Hagen som kandidat. Det håper vi dei andre partia vil godta. For det er høgst uvanleg at andre parti legg som opp i kven eit parti vel som sin kandidat til Nobelkomiteen, seier Hans Andreas Limi.

Når dei ulike partia på Stortinget har presentert sine kandidatar til Nobelkomiteen, er det ein valkomite som vil leggje fram ei innstilling. Deretter er det Stortinget i plenum som vel ut kandidatane.

Direktøren for Nobelinstituttet og sekretær for Nobelkomiteen, Olav Njølstad, har gjort det klart at han ikkje ynskjer Carl I. Hagen inn i komiteen, og forgjengaren hans, Geir Lundestad, har sagt at Hagen ikkje er kompetent til eit slikt verv.

Jensen: Ingen kommentar

Partileiar i Frp og finansminister Siv Jensen vil ikkje kommentere valet av Carl I. Hagen som partiet sin kandidat til Nobelkomiteen.

– Regjeringa meiner ingenting om kandidatar til Nobelkomiteen, seier ho til NRK.

Carl I. Hagen vil ikkje kommentere saka i media, men har lagt ut dette på Facebook-sida si:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger