Hopp til innhold

– Trå forsiktig i Myanmar

Statoil står på dørstokken til Myanmar, klare til å snappe til seg lisensar. – Norske bedrifter må ta høgde for at landet er korrupt, seier leiaren i Den norske Burmakomité.

Audun Aagre i Den norske Burmakomité

Audun Aagre i Den norske Burmakomité ber norske bedrifter trå varsamt i eit korrupt Myanmar.

Foto: NRK

Tysdag kjem presidenten i Myanmar på offisielt besøk til Noreg.

Statsminister Jens Stoltenberg er vert for besøket, og presidenten skal i i audiens på slottet, til stortinget, samt ha politiske samtalar med Stoltenberg og utanriksminister Espen Barth Eide.

Samtidig står Statoil på trappa til Myanmar, klare for å tre inn i ein heilt ny marknad i landet.

Men fallgruvene er mange når norske selskap ynskjer å tre inn i Myanmar.

– Trå forsiktig, seier leiaren av Den norske Burmakomité, Audun Aagre.

Raskt inn når sanksjonane er oppheva

Etter at militærjuntaen overlét regjeringsmakta til general Thein Sein og regjeringa hans i 2011, har ei rekkje demokratiske reformer blitt iverksett.

Reformene har ført til at Noreg og fleire andre land har oppleva dei økonomiske sanksjonane mot landet. Norske selska er på evig jakt etter nye marknader, og i Asia gjenstår berre Myanmar om ein ser vekk frå det lukka Nord-Korea.

No står Telenor på dørstokken til Myanmar, som skal dele ut to nye mobillisensar i juni.

Telenor på dørstokken til Myanmar

Post- og teletilsynet er allereie inne i landet for å hjelpe Myanmar med å byggje opp eit godt telenett, og Telenor står for døra, trippande og ventande på at ein heilt ny mobilmarknad opnar seg for dei.

– Telenor ynskjer å sjå på moglegheitene i Myanmar, og då er det viktig at det er ryddige rammevilkår, fortel direktør for Post- og teletilsynet Torstein Olsen.

Saka held fram

Torstein Olsen i Post- og teletilsynet

HJELPER: Torstein Olsen i Post- og teletilsynet hjelper Telenor i å etablere seg i Myanmar.

Foto: NRK

Telenor understrekar på si side at dei ikkje har delteke aktivt i Myanmar-arbeidet som Post- og teletilsynet har gjort.

– Vi blei spurt om vi hadde ressursar til å hjelpe til, og det hadde vi, under føresetnad at dette blir betalt av norske styresmakter, fortel Olsen.

Utanriksdepartementet tek rekninga

Det er nemleg utanriksdepartementet som tek rekninga når det nye telenettet i Myanmar blir bygd opp med hjelp av det norske Post- og teletilsynet, men det er ikkje utan eit krav om at ting skal gå heiderleg føre seg.

– Eg syns ikkje vi skal vere leie oss eller flaue over at norsk næringsliv gjer det bra i Myanmar, fortel utanriksminister Espen Barth Eide.

Saka held fram

Utanriksminister Espen Barth Eide

FORSIKTIG: Utanriksdepartementet stiller krav til at alt skal skje på ordentlege vilkår når Telenor går inn i Myanmar, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: NRK

– Vi skal stille krav til både dei og myanmarske styresmakter om at alt skal skje på ordentlege og føreseielege vilkår, held han fram.

– Strategisk

At Noreg som eitt av landa som har sletta heile milliardgjelda til Myanmar, kan oppmuntre landet på vegen til demokrati, meiner utanriksministeren.

– For tida er det reformvennlege som har overtaket i Myanmar, og difor meiner vi det er strategisk riktig å støtte opp om den prosessen som har gått. Då er sletting av gjeld ein del av dette, seier Barth Eide.

– Ta høgde for at landet er korrupt

Dei norske forkjemparane for demokratirørsla i Myanmar, også kjent som Burma, meiner Telenor må tenke seg godt om og ikkje gå for raskt fram i landet, for fallgruvene er mange.

– Det er eitt av verdas fem mest korrupte land, seier Audun Aagre, dagleg leiar av Den norske Burmakomité.

– Om ein som selskap ikkje tek høgde for at landet er korrupt, er ein med på å bidra til ansvarsløyse i næringslivet, og ein bidreg til kreftene som har levd godt på korrupsjon, seier han.

AKTUELT NÅ