Hopp til innhold

– Syria-borna bør adopterast bort til norske familiar

Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner at borna som er henta ut frå eit IS-område i Syria, bør adopterast bort til unge norske barnlause familiar. Vaksne som sjølve har valt å knytte seg til ein terrorgruppe bør ikkje bli henta heim.

Christian Tybring-Gjedde

Christian Tybring-Gjedde (Frp) meiner at norske barnlause familiar bør få adoptere borna som no blir henta heim frå Syria.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

– Desse borna bør adopterast bort til unge norske barnlause familiar, uavhengig av etnisitet og religiøs bakgrunn, seier nestleiar i Utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (Frp) til NRK.

Han reagerer ikkje på at dei fem borna blir henta til Noreg.

– Eg reagerer ikkje på at Noreg hentar heim desse foreldrelause borna med norsk tilknyting. Men vaksne menneske som sjølve har valt å knyte seg til ein terrororganisasjon, bør ikkje hentast hit. Dei bør straffast der brotsverka har skjedd, seier Tybring-Gjedde.

Han meiner at definisjonen av kva det vil seie å vere norsk, bør vere tydeleg for framtidige saker. Han meiner også at dei som vervar seg til ein terrororganisasjon bør miste det norske statsborgarskapet sitt.

– Dette kan skje fordi Stortinget har gjort det mogleg å ha dobbelt statsborgarskap, legg Tybring-Gjedde til.

Dei fem borna, som er i alderen frå under eitt år til sju år, er born av ei etnisk norsk kvinne og ein afrikansk mann, som reiste til Syria for å slutte seg til terrororganisasjonen IS.

Faren er stadfesta drepen i Syria, medan mora har status som sakna . Borna har hittil blitt tekne hand om at ei venninne av mora.

Barnevernet

Det har i lengre tid har blitt jobba i hemmeleghald med å få dei fem borna ut av Syria. Det er barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad stadfester at han allereie for ei stund sidan bad barnevernet om å starte arbeidet med å ta i mot borna.

Kjell Ingolf Ropstad

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), har i over lengre tid jobba med å få de fem borna ut av Syria.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi har over lenger tid jobba med å vere i beredskap og å ha best mogleg førebudd barnevern. Difor har eg gjeve oppdraget til direktoratet om å etablere beredskap for å møte dei ungane som eventuelt kjem til Noreg på ein best mogleg måte, seier Kjell Ingolf Ropstad.

Han er trygg på at det norske barnevernet har kompetansen som trengst for å følgje opp dei fem borna til ei norsk IS-kvinne.

– Sjølv om desse ungane kan ha sett og vore utsett for veldig alvorlege ting, så er barnevernet generelt kompetente til å ta i mot born som har opplevd traumatiske ting, seier Ropstad.

Usemje i regjeringa

Det er usemje i den norske regjeringa om kva som skal skje med borna der den eine eller begge er i live. Venstre meiner at alle born med norsk bakgrunn skal hentast heim. Kristeleg Folkeparti vil også hente heim mødrene til borna.

Frp krev DNA-testing av borna og meiner at Noreg ikkje på nokon måte skal medverka til at IS-krigarar eller kvinnene deira skal få kome heim.

– Det er semje i regjeringa om å hente heim foreldrelause born, men det avgrensar seg til det. Det er risikoen ved å hente foreldre som har dei haldningane dei har, vi har vore svært uroa for, seier innvandringspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Jon Helgheim, til NTB.

Karin Andersen frå SV seier at det faktum at UD no har spora opp dei fem foreldrelause borna, opnar for å hente også andre. Ho er oppteken av at ein i nokre tilfelle må hente også foreldra.

– Ein kan ikkje ta born bort frå foreldra sine. Dette er menneske som likevel kan kome til Noreg, og alle som er opptekne av tryggleiken bør forstå at det aller beste er om norske styresmakter faktisk hentar dei, seier ho til NTB.

Barnebarna opplevde «et helvete» med IS: – Skal få vokse opp i et miljø med kjærlighet

AKTUELT NÅ