– Synd at Høie avviser snus-forbod

Eit ekspertutval tilrådde i fjor å forby snus innan 2017 på grunn av helserisikoen. Utvalsleiar og professor Grethe Tell synest det er dumt at helseministeren framleis ikkje vil vurdera eit slikt forbod.

Professor Grethe Tell vil ha forbod mot snus i Noreg

Ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet konkluderer med at snus medfører stor helserisiko. Professor Grethe Tell er skuffa over at helseministeren framleis er negativ til eit forbod mot snus i Noreg.

Foto: NRK

Ekspertutvalet med Tell i spissen skulle sjå på dei store folkesjukdomane og vurdera korleis Noreg kunne redusera kreft, diabetes, hjarte- og karsjukdomar og kols.

Resultatet var ei liste med tilrådde tiltak til helsestyresmaktene, blant dei eit forbod mot snus innan 2017.

Dåverande helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa blankt nei til forslaget.

I dag la Folkehelseinstituttet (FHI) fram ein ny rapport som konkluderer med at snus er farleg, og at snusbruken i Noreg er meir enn tredobla på fem år. Dei slår alarm om ein «snus-epidemi» blant unge som kan gje kreft, diabetes, dødfødslar og hjartedød.

Noverande helseminister Bent Høie (H) meiner likevel at eit forbod er feil veg å gå.

– Opplysing er ikkje nok

Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H) meiner eit forbod mot snus vil vera å gå for drastisk til verks.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg opplever ikkje at me skal gå så drastisk til verks. På same måte som med røyk, så kan me få ei sterkt positiv utvikling ved å bruka andre verkemiddel, seier Høie til NRK.

Helseministeren vil i første omgang sørgja for at informasjon om helserisikoen ved snusing når fram til dei unge, og vil jobba for ei haldningsendring.

– Det er synd at Høie ikkje ein gong vil vurdera det. Informasjon er viktig, men for å oppnå store framsteg i folkehelsa er ikkje opplysing nok, Meir strukturelle tiltak må til for å klara å betra folkehelsa på sikt, seier professor Tell ved UiB.

Snus har vore forbode i alle EU-land sidan 1992, med unntak av Sverige.

– Me tilrådde eit forbod i Noreg fordi snus er farleg. Det aukar risikoen for kreft, overvekt og type 2 diabetes, seier professoren ved institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

Tell poengterer at innføring av nye lovar og reglar ofte fører til ramaskrik i befolkninga.

– Det skjedde til dømes då Dagfinn Høibråthen innførte røykjelova for nokre år tilbake. Det blei spådd at utestadane måtte stengja og at alt kom til å bli heilt forferdeleg. I ettertid ser me at røykjelova er noko av det beste som har skjedd Noreg når det gjeld helsa til befolkninga, argumenterer professoren.

NRK har ikkje lukkast med å frå ein kommentar frå Tobakkindustriens felleskontor om den nye FHI-rapporten om snus.


Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger