NRK Meny
Normal

– Svært viktig at media får videoen

Erik og Vivi Stedt fortel om ei svært tung tid etter at sonen døydde under ei pågriping på Oslo legevakt i 2012. På grunn av sprikande forklaringar om kva som faktisk skjedde, meiner foreldra at media må få sjå overvakingsvideoen som viser dødsfallet.

Erik Stedt og Vivi Stedt

– Me feller framleis tårer dagleg over sonen vår. Det er som eit ope sår som aldri gror att, seier Erik og Vivi Stedt til NRK. Dei ønskjer at media som ein tredjepart skal få sjå videoen av dødsfallet.

Foto: Simon Solheim / NRK

Erik Are Stedt (35) døydde av kveling under eit basketak med to politikvinner og ein ambulansesjåfør på legevakta den 29. november 2012.

Riksadvokaten la vekk saka og meinte at ingenting straffbart hadde skjedd, trass i at vitneforklaringane sprikar. Politiet seier dei blei angripne, medan fleire vitne har sagt at 35-åringen berre prøvde å koma seg vekk.

NRK har gjentekne gonger bede om innsyn i overvakingsvideoen frå legevakta for å kunne vurdera kva som skjedde på eit sjølvstendig grunnlag, men har fått avslag både frå Spesialeininga, Riksadvokaten og i Oslo tingrett.

No har NRK anka avgjerda til lagmannsretten.

– Me er glade for at NRK tek dette til lagmannsretten. Det er svært viktig for oss at media som ein objektiv instans får høve til å sjå kva som skjedde i denne videoen, seier Erik Stedt, far til den avdøde 35-åringen.

Erik Are Stedt kvalt på Oslo legevakt

Erik Are Stedt døydde av kveling under eit basketak med politi og ein ambulansesjåfør på Oslo legevakt 29. november 2012. Han var ikkje kriminell, væpna eller rusa.

Meiner politiet må ta ansvar

Erik Are Stedt var verken kriminell, væpna eller rusa. Han hadde derimot diagnosen paranoid schizofren, følte seg forfølgt og redd og oppsøkte difor politiet som tok han med til legevakta.

Under ventinga på legevakta oppstår eit basketak med to politibetjentar. Ein ambulansesjåfør grip inn, og tek eit halsgrep på Stedt som han held i nesten eit minutt. 35-åringen døyr på staden av kveling, ifølgje påtalevedtaket som NRK har fått tilgang til.

Foreldra har sjølve sett videoen og oppfattar sonen som redd, at han ville vekk. Dei er kritiske til politibetjentane si forklaring om at dei handla i naudverje og meiner politiet har overdrive reaksjonane sine og unndrege seg ansvar.

SAVNER SØNNEN: Erik og Vivi Stedt synes det er ubegripelig at deres sønn, Erik Are Stedt (innfelt) døde under tragiske omstendigheter på Oslo legevakt høsten 2012. De mener den involverte ambulansesjåføren som tok kvelertak, og to politibetjenter, burde blitt tiltalt i saken. Sjefen for Spesialenheten for politisaker henla saken. Foreldrene har påklaget vedtaket til Riksadvokaten.

NRK snakka med Erik og Vivi Stedt i februar 2014. Då hadde dei sett overvakingsvideoen som viser korleis sonen døydde under ei pågriping på legevakta i Oslo sentrum i 2012.

– Stor respekt for sorga

Jens-Ove Hagen, forsvarer for Eirik Jensen

Advokat Jens-Ove Hagen representerer dei to politikvinnene i saka. – Dei har sjølvsagt stor respekt for den sorga som foreldra føler for tap av ein son, seier Hagen.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Advokaten til dei to involverte politikvinnene, Jens-Ove Hagen, viser til at Riksadvokaten har frikjent begge to.

– Riksadvokaten har med endeleg verknad konkludert med at det ikkje har skjedd noko straffbart for desse to politibetjentane sitt vedkommande. Dei har sjølvsagt stor respekt for den sorga som foreldra føler for tap av ein son, seier Hagen til NRK.

Erik og Vivi Stedt skulle aller helst sett at sonen sitt dødsfall blei prøvd for retten, men er no mest opptekne av at media får innsyn i videoen og at naudetatane lærer av det som skjedde.

– Me var utruleg glade i guten vår og kan aldri få han tilbake, men me håpar i det minste at det kjem lærdom av dette i ettertid. Det halsgrepet må ikkje brukast, i alle fall ikkje over så langt tid. Det er også viktig med søkjelys på politiet sin måte å unndra seg ansvar på ved å skulda på at personen var farleg, seier Erik Stedt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger