Hopp til innhold

– Sp har ført sine eigne bak lyset

At Senterpartiet trekkjer seg frå avtalen om å innføre tiggeforbod, skapar sterke reaksjonar i Høgre og Framstegspartiet. Harald T. Nesvik (Frp) og Peter Christian Frølich (H) er ikkje nådige i sin kritikk.

Frps Harald T. Nesvik om at tiggerforbudet blir trukket.

VIDEO: Harald T. Nesvik (Frp) meiner Senterpartiet har ført sine eigne bak lyset.

Regjeringa sitt forslag om eit nasjonalt tiggeforbod blir det ingenting av, etter at Senterpartiet gjorde heilomvending i dag. Regjeringa trekkjer difor heile forslaget.

– Dette er nesten som eit politisk sirkus, spesielt når det er Senterpartiet som har stelt i stand dette, seier stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H).

– Dette er veldig uryddig. Senterpartiet må no svare sine eigne, for dei er ført bak lyset, seier stortingsrepresentant Harald T. Nesvik (Frp).

Tiggesak frå april 2014

APRIL 2014: Senterpartiet meinte at justisminister Anders Anundsen (Frp) sitt lovforslag mot tigging ikkje gjekk langt nok. Dei fremma difor eit eige forslag til Stortinget.

Frp: – Trist for Senterpartiet

Regjeringspartia Høgre og Frp ville i utgangspunktet innføre eit kommunalt tiggeforbod - altså at kvar einskild kommune sjølve skal få velje om det skal vere ulovleg å tigge eller ikkje. Senterpartiet blei med på dette, men kravde samstundes at det burde innførast eit nasjonalt forbod.

Per Christian Frølich

KRITISK: Peter Christian Frølich (H) meiner heilomvendinga til Sp er komisk.

– Senterpartiet har heile tida meint at tigging er eit nasjonalt og ikkje eit lokalt problem, sa justispolitisk talsperson Jenny Klinge (Sp) til NTB i juni i fjor.

No har stortingsgruppa snudd. Det skapar reaksjonar.

– Justispolitisk talsperson Jenny Klinge må ha det verkeleg tøft i dag. Dette er trist for Senterpartiet fordi dei har skapt eit inntrykk av at dei er for eit forbod, men no snur dei altså, seier Nesvik til NRK.

– Det er spesielt og trist at Senterpartiet gjer ei slik kuvending.

Høgre: – Avtalebrot

Peter Christian Frølich, som er medlem av justiskomiteen på Stortinget, seier at heilomvendinga til Senterpartiet er komisk.

– Senterpartiet tvinga oss nærast til å innføre eit nasjonalt forbod i staden for at kommunane skulle få bestemme sjølve, men så blir Senterpartiet usamde med Senterpartiet. Dei bryt ein avtale, seier Frølich til NRK.

At Senterpartiet snur, er ikkje eit nederlag for regjeringa, ifølgje Frølich - sjølv om Høgre gjekk til val på å innføre nasjonalt tiggeforbod.

– Det er ingen tvil om at dette er eit avtalebrot, men vi har blitt åtvara mot at Senterpartiet ikkje alltid held seg til avtalane dei inngår. Det viser seg dessverre å stemme.

AKTUELT NÅ