– Service-tilsette vil merke mest til den nye arbeidsmiljølova

– Det blir truleg servicenæringane i privat og offentleg sektor som kjem til å nytte seg mest av dei nye meir fleksible arbeidstidsreglane, og at det blir lettare å tilsetje folk mellombels, meiner arbeidslivsforskar Kristine Nergaard.

Semje om ny arbeidsmiljølov.

Den nye arbeidsmiljølova vart presentert på Stortinget i dag. Frå venstre Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Arve Kambe (H), Erlend Wiborg (Frp) og Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Bent Tanstad
Journalist

Nergaard er knytt til forskingsstiftinga Fafo, med tilsetjingsforhold, fagrørsle, fagorganisering, kollektiv organisering, lov- og avtaleverk og lønnsforhandlingar som forskingsområde.

Ho kallar endringa i arbeidsmiljølova i dag for ei vesentleg endring i forhold til den noverande lova. Det blir gitt eit generelt tilgjenge til mellombelse tilsetjingar, og det er nytt. Det blir også mogleg å jobbe til fylte 72 år.

Servicenæringa

Fafo-forsker Kristine Nergaard.

Forskar Kristine Nergaard meiner den nye arbeidsmiljølova inneber ei vesentleg endring.

Foto: Fafo

Ho trur at dersom utviklinga held fram som ho har gjort hittil, så er det servicenæringa som vil nytte seg mest av dei moglegheitene lova gir for mellombelse tilsetjingar og fleksibel arbeidstid.

I privat sektor er bransjane som tradisjonelt har ynskt dei nye reglane:

  • Butikk
  • Hotell
  • Restaurant
  • Transport

I offentleg sektor gjeld det i størst grad:

  • Helsevesenet
  • Sosialsektoren.

– Dette veit vi ikkje, men dersom bedriftene brukar mellombels tilsette som ei utvida prøvetid, så kan dette spreie seg også til andre bransjar. Men vi må nesten vente og sjå korleis arbeidslivet vil tilpasse seg dei nye reglane, seier Kristine Nergaard.

– Skal hindre misbruk

Ho er klar på at den nye arbeidsmiljølova ikkje berre er ei deregulering, men at det også er lagt ein del generelle føringar som skal hindre misbruk.

– Dette er noko heilt nytt, og vi må følgje med for å sjå korleis det vil fungere i praksis, legg ho til.

Fafo-forskaren peikar også på at det i bransjar som høgskular og universitet også i dag er høve til ein stor grad av mellombelse tilsetjingar, men at det er vanskeleg å seie om den nye lova vil føre til ein auke, etter som statlege verksemder blir ikkje kjem inn under det nye lovverket.

Kristin Krohn Devold

Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er glad for den nye arbeidsmiljølova.

Foto: Petter Strøm / NRK

Også mediebransjen har mange mellombelse jobbar, men Kristine Nergaard har ikkje tal som viser utviklinga.

Glede i NHO Reiseliv

Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, kallar den nye arbeidsmiljølova, som vart presentert i dag, for svært positiv. Det er viktig med fleksible arbeidstidsreglar, seier ho.

Den nye lova, som er eit kompromiss mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti, opnar for meir fleksible arbeidstidsreglar og at det blir lettare å tilsetje folk mellombels.

– Veksten i reiselivsnæringa fører til stor etterspurnad etter arbeidskraft i ulike sesongar. Sesongen som no står for døra er eit eksempel på det, og det er bra at det blir opna for at folk kan jobbe meir i dei periodane det er bruk for det, seier Devold

Kristin Krohn Devold er også glad for at bedrifter kan tilsette mellombels i opptil 12 månader.

Motstand i LO

LO-leiar Gerd Kristiansen har gjort det klart at LO vil kjempe for å reversere endringane i arbeidsmiljølova. LO-leiaren reagerer spesielt på at det blir lettare med mellombels tilsetjingar, og ho varslar omkamp om spørsmålet etter stortingsvalet i 2017.

– Gavepakke til useriøse arbeidsgivere

UNIO-leiar sterkt kritisk til ny arbeidsmiljølov

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger