Hopp til innhold

– SAS-pilotane ynskte denne streiken

Finansdirektør Torbjørn Wist i SAS seier det ikkje er mogleg å forhandle med dei streikande pilotane, fordi dei har stilt ultimative krav.

Finansdirektør Torbjørn Wist i SAS.

Finansdirektør Torbjørn Wist skuldar pilotane for å ha stilt ultimative krav for å kome tilbake til forhandlingsbordet.

Foto: Ola S. Hana / NRK

Wist seier til NRK at leiinga i SAS jobbar dag og natt for få i gang nye forhandlingar med pilotane, men at dei har stilt ultimate krav.

– Det seier seg sjølv at det ikkje skapar noko godt forhandlingsklima, seier han.

SAS pilot streik

Mange SAS-kanselleringar på Gardermoen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Dei nordiske pilotane i SAS har vore i streik sidan fredag. Over 1000 tilsette i SAS-systemet er permitterte , og det skal ikkje ha vore kontakt mellom partane. Pr. i ettermiddag er 3306 avgangar kansellerte og 327.000 passasjerar ramma som følgje av streiken.

Dette handlar streiken om

– Manglar forhandlingsvilje

Wist opplever at det ikkje er forhandlingsvilje hos pilotane, og han fryktar at selskapet skal hamne på det same stupet dei var på i 2012.

– Det verkar på oss som om pilotane har ynskt denne konflikten. Og dette er dyrt for selskapet, ikkje berre i kroner og øre, men også når det gjeld omdømmet til SAS. Streiken gjer at vi må bruke pengar frå kassa, pengar vi heller skulle ha brukt på å sikre framtida, seier finansdirektøren.

Børsverdien til SAS har gått kraftig ned på grunn av streiken. Samstundes har det vore reist kritikk mot at SAS-sjefen har fått ein lønsauke på 35 prosent.

Leiar i Norske SAS-piloters forening, Christian Laulund.

Leiar i Norske SAS-piloters forening, Christian Lauland, avviser at dei ynskte streik i utgangspunktet.

Foto: Ola S. Hana / NRK

– Har snudd kvar stein

Leiaren for Norske SAS-piloters forening, Christian Laulund, avviser på det sterkaste at pilotane ynskte denne konflikten.

– Vi har aldri ynskt ein slik streik, vi har snudd kvar stein og prøvd å finne løysingar, også før riksmeklaren kom på banen, svarar han på kritikken frå SAS-sjefane.

Han oppmodar toppsjefen i SAS, Rickard Gustafson, til å vise leiarskap, og til å prøve å finne ei løysing saman med pilotane.

Han seier likevel at pilotane heile tida har hatt som krav at dei avtalane som SAS trekte tilbake like før forhandlingane, må tilbake på bordet.

– Dramatisk situasjon

Gustafson sa tidlegare i dag at situasjonen for selskapet no er alvorleg, og at situasjonen er dramatisk for både reisande, samfunnet og SAS.

Finansdirektør Torbjørn Wist seier dette på spørsmål om selskapet no fryktar ei krise like alvorleg som i 2012.

– I 2012 var alle med på omstillinga, to av det viktigaste vi fekk gjennom var å redusere kostnadene og at vi må flyge når kundane vil vi skal fly. Krava pilotane stiller no vil drive opp kostnadene og redusere fleksibiliteten. Det er svært uheldig for SAS og den framtidige konkurransekrafta vår.

Streiken i SAS har ført til auka trafikk hos VY, selskapet som tidlegare heitte NSB.

Vy har stor pågang

– Vi opplever stor pågang på både buss og tog. Fleire av avgangane på regiontoga er utselde, og pågangen er særleg stor på Bergensbanen, seier kommunikasjonssjef Gina Scholz i NSB til NRK.

Ho fortel at dei køyrer med ekstra vogner på ein del av avgangane på bergensbanen, og at dei vurderer kapasiteten frå dag til dag. Ho oppmodar dei reisande om å sjekke fleire avgangar og dagar når dei skal ut og reise.

Widerøe opplyser at dei flyg med mange ledige sete, fordi mange som har kjøpt billett ikkje møter opp .

AKTUELT NÅ