Hopp til innhold

– Sårt at politiet ikkje bad om båt

Politiet seier dei leita, men ikkje fann båtar til å ta dei den kortaste vegen over til Utøya 22.juli. – Det er sårt å høyra, seier Jørn Øverby som var ein av dei første båtføraren på fjorden under AUF-massakren.

Jørn Øverby var ein av båtheltane 22.juli

Jørn Øverby er skuffa over at politiet ikkje la merke til han og andre som var tidleg ute med båtar ved Utøya den 22.juli.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Politiet erkjende mange feil då dei i dag la fram evalueringsrapporten om sin eigen innsats rundt 22.juli. Politidirektøren bad om orsaking for at Breivik ikkje vart arrestert før.

Etaten stod likevel fast ved at det ikkje var tilgjengelege båtar ved Utvika, som er den desidert kortaste sjøvegen til Utøya.

– Politiet kan ikkje ha sett skogen for berre tre. Fjorden var jo full av båtar. Det er sårt at politiet ikkje såg alle oss frivillige som kasta oss ut i skotlinja for å redda ungdommar, seier Jørn Øverby.

Jørn Øverby reddar ungdommar frå sjøen ved Utvika

Jørn Øverby reddar ungdommar frå sjøen ved Utvika. På same tid får beredskapstroppen beskjed om at det ikkje finst båtar i området, og ber spesialstyrken køyra til Storøya, fleire kilometer lenger unna.

Foto: Privat

Beredskapstroppen snudde

Den tidlegare forsvarsmannen frå Utstranda køyrde i skytteltrafikk med båten sin mellom Utvika Camping og Utøya etter at han fekk kjennskap til terroren mot AUF sin sommarleir.

Ein vitne-video (under) har fanga opp Øverby som frå sin Ryds 70 hestar kastar redningsvestar til ungdommane i sjøen rundt klokka 18. Videoen viser også beredskapstroppen frå Oslo som på same tid kjem fram til Utvika Camping.

Spesialstyrken er på jakt etter båt for å koma seg over til Utøya, men snur og får like etterpå beskjed via sambandet om at ein politibåt blir klargjort ved Storøya, fleire kilometer lenger unna.

Video Sambandssvikt den 22.juli

Sambandssvikt førde til full forvirring om tilgang på båtar og oppmøtestad den 22.juli.

– Kunne ha frakta politiet på 1-2 minutt

Mellom klokka 17.45 og 20.25 plukka Øverby opp rundt 30 hardt såra og livredde ungdommar frå sjøen, blant anna frå Nakenodden heilt sør på Øya. Fleire sivile båtførar strøymde raskt til for å bistå i redningsarbeidet.

Sjøvegen frå Utvika er den kortaste - om lag 675 meter. Øverby meiner han kunne ha frakta beredskapstroppen, eller delar av den, over til Utøya dersom han hadde fått signal om det.

– Overtfarten ville ha teke 1-2 minutt, meiner Øverby.

Til samanlikning brukte Beredskapstroppen 20 minutt på overfarten med gummibåt frå Storøya, 3,5 kilometer unna.

– Fint å bli takka

Beredskapstroppen overtok til slutt båten til Øverby, men det skjedde først etter at politiet sin raude gummibåt havarerte utanfor Storøya.

Øverby meiner det i utgangspunktet var heilt feil av politiet å velja Storøya som oppmøtestad.

– Storøya er altfor langt unna. Utvika var for utrygt som felles oppmøtestad for alle naudetatar. Dei burde ha samla seg ved den gamle vegkroa, der det også var landingsplass for helikopter,seier Øverby.

Vegkroa ligg nede ved sjøkanten, mellom Utvika og Storøya. Her er det veg heilt ned til vasskanten, moglegheiter for helikopterlanding og lett å leggja til kai med båt. Samstundes låg den utanfor rekkjevidde for eventuelle skot frå Utøya.

– Det vitnar om dårleg lokalkunnskap. Politiet burde hatt betre geografisk oversikt, meiner han.

Blei takka av politidirektøren

Sjølv om Øverby tykkjer mange av avgjerdene politiet tok den 22.juli er kritikkverdige, understrekar han det står respekt av innsatsen deira.

– Politiet stod på og vegra seg aldri. Dei gjorde ein uvurderleg innsats og ein kjempejobb på førstehjelpssida etter at gjerningsmannen var teken, seier båthelten.

I dag retta politidirektør Øystein Mæland ein stor takk til båtførarane.

– Det er fint å bli takka, og eg er glad for at politiet er meir sjølvkritiske i den endelege evalueringa, seier Øverby.

Jørn Øverby fekk stor takk frå Utøya-overlevande

Glassblanketten som Jørn Øverby har ståande heime på kaminen, har han fått frå ein av ungdommane han redda frå Utøya-marerittet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

AKTUELT NÅ