– Rydd opp i norsk skole i Spania

Kunnskapsministeren må innan ei veke forklare kva ho vil gjere etter avsløringane av skattesnusk ved den norske skolen på Gran Canaria.

Elisabeth Aspaker, Høyre

Elisabeth Aspaker (H) krev at det blir rydda opp i forholda ved den norske skolen på Gran Canaria.

Foto: NRK

Det er Høgre si skolepolitiske talskvinne Elisabeth Aspaker som reagerer på påstandane som er komne fram på NRK.no .

Rektoren ved skolen vedgår at dei har utbetalt svart løn til lærarar og late vere å betale både skatt og arbeidsgjevaravgift. Lærarane stadfestar ordninga, men seier dei sjølv har jobba for å rydde opp.

– Her må det ryddast opp!

No krev Aspaker at det blir rydda opp. I eit brev til kunnskapsministeren skriv ho:

Colegio Noruego

Den norske skolen på Gran Canaria (Colegio Noruego) vedgår å ha unndrege skatt.

Foto: CanaryLife.com

«Utdanningsdirektoratet skal nylig være varslet om store samarbeidsproblemer mellom rektor og lærere ved Den norske skole på Gran Canaria, og det er fremsatt påstander om ulovlige forhold ved skolen, herunder avlønning av lærere som jobber svart.» skriv ho.

Overfor NRK.no utdjupar ho:

– Denne skolen får offentleg støtte frå Noreg, det er fleire hundre elevar der, og då må vi vera sikre på at elevane får eit forssvarleg skoletilbod, seier Aspaker.

Halvorsen må svare for drifta

Derfor må kunnskapsminister Kristin Halvorsen svare på om ho vil granske saka:

– Vil statsråden bidra til at det blir sett i gang undersøkingar ved Den norske skolen på Gran Canaria for å avdekke eventuelle brot på vilkåra for statsstøtte, og til ein gjennomgang av forholda ved skolen for å sikre at elevane får eit forsvarleg skoletilbod? spør Aspaker, som ikkje er overtydd om at drifta er under kontroll.

– Vi blir ikkje heilt kloke på kven som eigentleg skal føre tilsyn med skolen når alle viser vidare til andre og seier. Når dette er så uklart, ja då må statsråden som øvste ansvarlege for skoledrift rydde opp, seier ho.

Stortinget har tatt sommarpause for den faste spørjetimen kvar onsdag. Det betyr at spørsmålet blir sendt via Stortinget til Regjeringa, og Kristin Halvorsen har seks dagar på seg til å svare.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger