– Rovdyr et opp pinnekjøtet vårt

– Rovdyr forsyner seg stadig meir grådig av norske lam. Det er ei viktig årsak til at det i år har vore mangel på pinnekjøt, seier styreleiar Ove Ommundsen i Norsk Sau og Geit.

Sau på beite

55.000 sauer er tekne av rovdyr hittil i år.

Foto: Arne Gan / NRK

Ove Amundsen er styreleiar i Norsk Sau og Geit.

Ove Ommundsen er styreleiar i Norsk Sau og Geit.

Foto: Norsk Sau og Geit

Ryfylke-bonden fortel at 55.000 dyr er tapt til rovdyr, i hovudsak gaupe, jerv og ulv. Talet på lam som blir rovdyrmat aukar frå år til år, seier han. Ommundsen håpar at regjeringa snart set ut i livet rovdyrforliket som vart vedteke av Stortinget tidlegare i år.

Verst er det i grenseområda mot Sverige, fortel han. Ommundsen i Norsk Sau og Geit presiserer likevel at årsaka til at det i år vart meldt om mangel på pinnekjøt , er samansett.

Slaktar færre dyr

Ei anna viktig årsak er at ein del bønder har slakta færre dyr enn normalt, for å halde dei att til å bli morsauer til neste år, fortel han. Slakterigiganten Nortura seier at hovudårsaka er den våte sommaren, som har gjort at lam som blir slakta i år har hatt lågare slaktevekt enn normalt.

Eli Strand er informasjonssjef i Nortura.

– Det blir nok pinnekjøt til alle, seier informasjonssjef Eli Strand i Nortura.

Foto: Nortura

Men informasjonssjef Eli Strand i Nortura, den klart største leverandøren av pinnekjøt her i landet, seier at dei har full kontroll på situasjonen. Det blir mest sannsynleg nok norsk pinnekjøt i butikkane, men skulle det bli lite, så blir det opna for import.

– Alle kan ta det med ro. Det blir nok pinnekjøt i butikkane til jul, seier ho.

Nortura sende ut ei oppmoding til sauebøndene nyleg om å sende inn fleire dyr til slakt, og dei fekk god respons på dette.

Pinnekjøt aukar mest

For forbruket av pinnekjøt er stekt aukande her i landet. I fjor auka salet av saueribbe med åtte prosent i forhold til året før, og Nortura ventar auke også i år. For den vestlandske nasjonalretten blir meir og meir populær også i dei tett befolfka områda på Austlandet, som tradisjonelt har vore svineribbeland.

Landets beste urøkte pinnekjøtt

Pinnekjøt blir stadig meir populært her i landet.

Foto: Jan Egil Eilertsen

Assisterande generalsekretær Jon Petter Løvstad i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det også er politiske årsaker til at det har kome for lite lam inn til slakteria her i landet i år.

Han er samd med Ommundsen om at årsakene er samansette, men meiner at ein også må ta med det politiske aspektet i saka. Regjeringa brukar mykje pengar på å få bønder til å leggje ned, seier han, og den politikken verkar.

Han meiner regjeringa har innført ordningar som gjer det økonomisk lønnsamt for mjølkebønder å slutte med kyr. For å sleppe å ha frå seg garden, seier han, så vel mange av desse til å gå over til sau. Så driv dei med sau ein periode, før dei gir opp på grunn av låg inntening.

– Tredoble talet på sauer

Jon Petter Løvstad er assisterande generalsekretær i Norsk bonde- og småbrukarlag.

Jon Petter Løvstad meiner vi kan tredoble talet på sauer her i landet.

Foto: Norsk bonde- og småbrukarlag

Han meiner det er ein tragedie dersom det viser seg at Noreg ikkje greier å vere sjølvforsynt med pinnekjøt.

– Vi kan tredoble talet på sauer her i landet dersom vi utnyttar ressursane som ligg i utmarksbeitet. Då hindrar vi også at det norske landskapet gror igjen, seier Løvstad.

Ove Ommundsen i Norsk Sau og Geit opplyser at talet på livdyr har halde seg stabilt, trass i at mange bruk blir lagde ned. Utviklinga går mot færre bruk, men kvart bruk har fleire sauer.

Men han er samd med Løvstad i at innteninga blant sauebøndene er altfor dårleg. Trass i dette er det likevel optimisme i bransjen, seier han, og reknar med ein auke i talet på sauer her i landet dei komande åra.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger