– Privatundervisning holar ut fellesskulen i Noreg

Arbeidarpartiet er uroa over at fleire bruker privatlærarar, og anklager regjeringa for ikkje å følge med i timen. Regjeringa avviser kritikken.

Statsminister Erna Solberg i Stortingets spørretime.

SYMPTOM: Torstein Tvedt Solberg (Ap) er redd for at auken er eit symptom på utfordringane i skulen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Eg trur denne utviklinga er oppskrifta på auka sosiale forskjellar i skulen, seier Torstein Tvedt Solberg (Ap) i utdannings- og forskingskomiteen.

Han er bekymra for at ikkje alle har råd til privatlærar, som kan koste opp mot 700 kroner for ein enkelttime.

– Dei som har mykje pengar kjøper seg ekstra undervisning. Det holar ut den gode fellesskulen vi har i Noreg, seier han.

Dei tre største selskapa i landet auka samla omsetning frå 10 millionar kroner i 2014 til 27 millionar kroner i 2017.

Solberg vil undersøke årsakene til utviklinga.

– Eg er kritisk til at regjeringa passivt har stått og sett på at denne utviklinga har fått lov til å fortsette. Det er på tide å finne ut av årsakene til at utviklinga er såpass eksplosiv.

Korleis vil de jobbe for å motverke utviklinga?

– Vi vil utfordre regjeringa til å ta større grep. I våre alternative budsjett har vi foreslått at vi skal ha fleire helsesøstrer og lærarar i klasseromma og ei reform for spesialundervisninga, seier Solberg.

– Slår inn opne dører

Statssekretær Julie Midtgarden Remen (H) i Kunnskapsdepartementet er ikkje einig i at regjeringa berre har stått og sett på utviklinga utan å gjere noko.

– Det Arbeidarpartiet foreslår er tiltak denne regjeringa har jobba med lenge, seier ho.

Remen trekk fram fleire område som ho meiner regjeringa har tatt grep om.

– Vi har fått fleire helsesjukepleiarar i skulen, vi gjennomfører ein lærarnorm og vi har varsla at vi ønsker å gjere spesialundervisninga betre. Her synest eg Arbeidarpartiet slår inn opne dører, seier ho.

Julie Midtgarden Remen

TAR TAK: Julie Midtgarden Remen (H) meiner at regjeringa allereie har sett i gang tiltak for å komme i møte den auka bruken av privatlærarar.

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

Kvifor aukar bruken av privatlærarar så kraftig då?

– Vi veit ikkje nok om kvifor desse selskapa har hatt ein auke.

Statssekretæren innrømmer likevel at regjeringa ikkje er fornøgde slik tilstanden er i dag.

– Generelt kan vi seie at for mange elevar ikkje får den hjelpa dei treng i skulen. Den ordinære undervisninga skal vere så god at ingen treng å kjøpe seg privatundervisning. Derfor jobbar vi med ei stortingsmelding om tidleg innsats, seier Remen.

Meiner privatundervisning reduserer forskjellar

Når selskapa sjølv skal forklare veksten, peiker dei på at det kan handle om at fleire veit om tilbodet deira, at privatundervisning har vore ein tiltakande trend i mange europeiske land og at mange elevar ikkje føler seg sett og følgt godt nok opp i skulen.

Trym Haakon Blaauw

POSITIV: Trym Haakon Blaauw seier at det er urettferdig at ikkje alle har råd til å tette kunnskapshola sine privat, men at privatundervisning mogleggjer tett oppfølging i klasserommet.

Foto: Privat

Trym Haakon Blaauw, dagleg leiar av Realfagshjelpen, meiner at mange elevar i klasserommet kjempar om oppmerksemda til lærarane. Han seier det er viktig å ikkje undergrave følelsen av å bli forbigått i eit klasserom.

Heller ikkje Arshad Jamil, dagleg leiar av UNAK Privatundervisning, bekymrar seg for utviklinga.

– Vi aukar ikkje sosiale forskjellar. Tvert imot. Vi er med på å redusere dei og å avlaste læraren i klasserommet, seier han.

Skulane sitt ansvar

Divisjonsdirektør Kjersti Flåten i Utdanningsdirektoratet seier at det ikkje skal vere nødvendig å kjøpe privatundervisning for å få den opplæringa og tilpassinga som ein har krav på. Likevel presiserer ho at ikkje all privatundervisning er uheldig:

Kjersti Flåten

PRESISERER: Det er hovudsakeleg privat leksehjelp, altså i stor grad repetisjonsoppgåver frå skulen, Utdanningsdirektoratet meiner er uheldig, seier Kjersti Flåten.

Foto: Utdanningsdirektoratet

– Det er privat leksehjelp vi meiner er uheldig. Lekser på skulen skal ikkje vere avhengige av verken foreldre eller leksehjelp for å få dei til.

Men er det greitt å vere avhengig av privatundervisning ved sida av skulen, forutan leksehjelp?

– Nei, det er skulane sitt ansvar at elevane får den opplæringa og tilpassinga dei har krav på, seier Flåten.

SISTE NYTT

Siste meldinger