Hopp til innhold

– Prestar er også menneske

– Eg fryktar ei stadig meir ekskluderande og snever kyrkje, sa ein vemodig Einar Gelius då han i dag tok farvel med Vålerenga kyrkjelyd.

Video GELIUS-WW-220511

Einar Gelius sin siste preken i Vålerenga kyrkje.

– Jesus var sanneleg ein rebell. Han snudde alt på hovudet. Samanlikna med Jesus blir jo alle prestar søndagsskulegutar - sjølv Einar Gelius, sa avtroppande sokneprest Einar Gelius.

Han fekk trampeklapp frå dei mange hundre som hadde møtt opp for å få med seg avskjedsgudstenesta søndag.

Fullt hus

Den norske kyrkja reiste i fjor haust avskjedssak mot den frittalande og kontroversielle presten, som dermed valde å trekkja seg frå vervet.

I dag kom dagen då han omsider skulle halda si siste gudsteneste i Vålerenga kyrkje i Oslo.

Gelius avslutta som venta prestekarrieren sin på Vålerenga med eit fyrverkeri av ei gudsteneste, og Ikkje eit sete stod tomt då predludiet starta.

Vålerengas nasjonalsang, «Vålerenga kjerke», blei framført av forfattaren Trond Ingebretsen. Også dansebanddronninga Jenny Jensen bidrog til underhaldninga.

– Prestar er også menneske

Tårer, latter og patriotiske heirarop prega stemninga då Gelius tok avskjed med kyrkjelyden sin gjennom 16 år. I den improviserte preika si veksla Gelius mellom alvorstynga og humoristiske tema.

– Eg har sagt og gjort dumme ting i løpet av desse seksten åra, eg har det. Men prestar er også menneske, sa Gelius.

52-åringen er likevel stolt over at han i løpet av sine 16 år på Vålerenga har vore med på å forma ein kyrkjelyd der døra er høg og porten er breid.

– De veit kva med syng her på Vålerenga: «med himmel'n sjøl som tak». Det er ein visjon, ei tru på at her er det høgt under taket,

Språkfattig kyrkje

Gelius er likevel uroa og pessimistisk til det han meiner er ein aukande mangel på toleranse og openheit i den norske kyrkja.

– Eg er redd for at den norske kyrkja går i retning av å bli stadig meir snever og ekskluderande, og fryktar ei kyrkje som ikkje greier å snakka dagens språk, men som i staden tviheld på gamle dogme, sa Gelius.

Mellom alvorsstundene var det også rom for trampeklapp, heiarop og rungande jubel i kyrkja.

– Ikkje bitter

– Det er sikkert mange ting eg kunne ha gjort annleis, men eg er stort sett stolt over det eg har gjort. Eg er stolt over at eg har ein kyrkjelyd i vekst. At eg har folk som er glad i meg, og at eg har fått lov å gjera jobben min på min måte, det er utruleg flott.

Er du bitter for at det endte på denne måten?

– Nei, eg er korkje bitter eller sint. Eg er meir trist på kyrkja sine vegne. At kyrkja ikkje har plass til mangfaldet, dessverre.

Legg prestekragen på hylla

No tek Gelius fatt på ein lang sommarferie, før han tek fatt på den nye tilværa heime i Arendal. Der skal han blant anna ha seminar og foredrag om etikk og motivasjon.

Prestedrakta blir hengande i skapet – for ei god stund i allefall.

– Eg treng ein god pause frå presteyrket. No vil eg gjera noko anna, seier presten med eit smil.

AKTUELT NÅ