Hopp til innhold

– Politikarane er redde for endring

LILLEHAMMER (NRK): Dei Grøne gjekk til angrep på det dei kallar ei oljeavhengig og egoistisk regjering då dei opna landsmøtet til partiet i dag.

Opning av miljøpartiet sitt landsmøte

SIDE OM SIDE: Dei to talspersonane i miljøpartiet Dei Grøne Une Bastholm og Rasmus Hansson opna landsmøtet i Lillehammer til stor applaus frå salen.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Verda kjem til å etterspørre mindre olje, det har ikkje politikarane skjønt, seier partiet sin eine talsperson, Une Bastholm.

Saman med partiet sin andre talsperson, Rasmus Hansson, opna ho landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i dag, med ein klar kritikk av dei som ikkje er villig til å endre arbeidslivet i ei grønare retning.

–​ Det mest paradoksale er at det ikkje først og fremt er næringslivet som er redd for endringane, det er politikarane. I 2015 mista vi over 40.000 oljeavhengige arbeidsplassar. Ikkje på grunn av noko grønt komplott mot oljeverksemda, men fordi oljepolitikken undergrev seg sjølv, seier Bastholm.

No står ho på førsteplass på lista til partiet i Oslo, etter at Hansson bytta til Akerhus. Slik kan Bastholm overta stortingsplassen til Hansson, dersom dei klarer å halde på oppslutninga.

I dag ligg partiet på 2,6 prosent på meiningsmålingane. Det vedtatte målet til partiet er 5 prosent.

– Valet står mellom grøn og grå politikk

– Vegvala i vår tid går ikkje lenger mellom blå og raude skatteprosentar, mellom fagforeiningane og næringslivet. Det er når spørsmålet står om grøne eller grå arbeidsplassar at ueinigheitene dukkar opp, seier Bastholm vidare.

Partiet ynskjer å erstatte 200.000 oljeavhengige arbeidsplassar med grøne alternativ, og utfordra Erna og Jonas frå talarstolen til å skape ti tusen grøne arbeidsplassar i året.

– For kvart år vi utsett utfasinga, utsett vi også investeringar i dei grøne arbeidsplassane som skal bere norsk økonomi og velferd vidare.

Laster innhold, vennligst vent..

– Dagens regjering gjer oss egoistiske

Partiet, som ikkje vil plassere seg til høgre eller venstre på partiskalaen, kallar eit Noreg leia av ei regjering med Frp for eit meir egoistisk Noreg.

– Dagens regjering gjer nordmenn meir pessimistiske og egoistiske enn vi er. Der dagens Frp-regjering ber nordmenn berre sjå til sin eigen nasetipp. Der Frp spelar på frykt, spelar vi på lag, seier Bastholm.

Leierkollega Rasmus Hansson legg til;

– Vi har tidlegare partileiarar som nektar å ta inn over seg forsking om klimaendringar og kallar det “fake news”. Som seier at vi må køyre på i oljepolitikken sjølv om dei kjenner konsekvensane. Sånn skal vi ikkje ha det.

Dette er årsaken til at partiet ikkje ynskjer å støtte ei regjering med Frp etter valet. I følgje dei to talspersonane er dei opne for å samarbeide med alle andre parti, som går inn for ein aktiv klima- og miljøpolitikk.

AKTUELT NÅ