Normal

– Parat kom med umoglege krav

Det skar seg mellom anna fordi Parat kravde 110 ekstra årsverk, seier Norwegian-sjef Bjørn Kjos. Han beklagar at partane ikkje klarar å bli einige.

Bjørn Kjos i Norwegian og Hans-Erik Skjæggerud i Parat kommenterer Norwegian-forhandlingane

Bjørn Kjos inviterte til pressekonferanse klokka 13 i dag. Sjå pressekonferansen og intervju med partane.

– Forferdeleg trist og dum situasjon som held meg vaken om natta.

Det seier Bjørn Kjos, som møtte pressa på ein pressekonferanse ved Norwegian sitt hovudkvarter på Fornebu klokka 13 i dag.

  • Partane er klokka 15 i nye forhandlingsmøte, og etter det NRK erfarer skal dei to partane ha god tru på ei løysing i løpet av dagen.

– Krav om 110 nye årsverk er umogleg å godta

Han viser til at 130.000 passasjerar er råka av streiken, og han beklaga fleire gonger for at situasjonen er slik den er. Men slik må det vere, seier Kjos.

– Då det skar seg, så var det fordi Parat og NPU gjorde krav på 110 årsverk meir enn det dei flyr i dag. Og gudane veit kor me skulle sette dei hen. Me er jo for mange slik me flyr i dag, så det var eit umogleg krav som me ikkje kunne gå med på.

Hans-Erik Skjæggerud i Parat, som forhandlar på vegner av pilotane, seier at pilotane treng sterkare juridiske bindingar. Det er naudsynt for å kunne få ein tryggleik og for å sleppe å møte sin arbeidsgjevar i retten i nær framtid.

– Prøver å lage eit svarte-per-spel

Han skuldar Bjørn Kjos for å prøve å starte forhandlingar via media, noko Skjæggerud seier han ikkje vil vere med på. Forbundsleiaren meiner også at Norwegian prøver å legge skulda på pilotane.

– Dei prøver å lage eit svarte-per-spel, der dei set pilotane i eit mørkt lys, og dei prøver å skyve passasjerane framfor seg. Det kan ikkje halde fram slik, seier Skjæggerud.

Paratleiaren seier at dei har fira på sine krav gjennom alle dei 16 timane som forhandlingane varte i går og i natt, men at det likevel ikkje kom til noko einigheit.

Bjørn Kjos meiner på si side at pilotane bør vere nøgde med å få ein garanti for alle årsverka sine i tre år framover. Slik Norwegian har tilbydt dei.

Vil ikkje spekulere i pengetap

På spørsmål om kor mykje Norwegian tapar på streiken ønskjer ikkje Kjos å kommentere på kor mykje pengar som går tapt, og at det er passasjerane som er hans hovudbekymring.

Partane skal etter planen møtast på ny klokka 15, etter at Parat kalla inn til det dei kallar for «reelle samtalar».

– Det skal i alle fall ikkje stå på oss når det gjeld forhandlingar, er svaret frå Kjos.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger