Hopp til innhold

– Overgriparane vil vera der barn er

Det har vore fleire overgrepssaker i barnehagar i Noreg dei siste åra – Det er vanleg at menneske som har ein pedofil orientering skaffar seg jobbar der dei kan vera i nærleiken av barn, seier rettspsykolog og forskar, Pål Grøndahl i SIFER.

Psykolog Pål Grøndahl

Det er umogleg å sjå kven som er seksuelle overgriparar og difor er det vanskeleg å avdekke seksuelle overgrep mot barn, seier rettspsykolog og forskar Pål Grøndahl i SIFER.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

– Det kan vera plassar som barnehage, skule, idrettsorganisasjonar, speidaren, kyrkjer, seier Pål Grøndahl i SIFER, som er eit nasjonalt kompetansesenternettverk i sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.

Det finst ikkje tal på kor mange barn som er blitt utsett for seksuelle overgrep av tilsette i barnehagar her i landet. Men av saker som er blitt gjort kjende i media viser eit raskt søk at elleve barnehagetilsette har seksuelt misbrukt minst 30 barn til saman sidan 1999. Dette er nokon av sakene:

2010: Ein tidlegare barnehagetilsett (23) har erkjent å ha antastet 13 barn i Oslo og Bærum.

2013: «Foreldrene til seks gutter hevder at barna ble utsatt for vold/trusler av en ansatt i en kommunal barnehage i Risør, i to md. ved årsskiftet 2010–11. l Den mistenkte førskolelæreren kom aldri tilbake i barnehagen etter at barnehagestyreren ble varslet om anklagene, den 28. februar 2011.»

2013: «Den 25. mars i år pågrep og siktet politiet i Telemark en mann med mistanke om seksuell omgang med et barn under skolealder. Mannen ble i Nedre Telemark tingrett varetektsfengsla i fire uker med brev- og besøksforbud»

I tillegg vart ein mann i Tromsø, tilsett i ein privat barnehage, sikta for seksuelle overgrep mot elleve barn i mai i år. Mannen er no under etterforsking og vart torsdag varetektsfengsla i fire nye veke.

Umogleg å identifisera overgriparane

Det er umogleg å identifisere kven som har potensialet til å misbruke barn seksuelt meiner Grøndahl. Det er også viktig å presisera at ikkje alle forgrip seg når dei er i nærleiken av barna. Nokon synest berre det er fint å vera i nærleiken av dei, seier han.

– Det er eit mindretal som gjer alvorlege overskridande handlingar og forgrip seg. Nokon byrjar å finne unnskyldningar for seg sjølv, ved å tenke at det ikkje er farleg, fortel Grøndahl.

– Dei stadfestar eigne idear og lev litt isolert

Etter å ha prata med fleire overgriparar viser det seg at dei har fleire måtar å rettferdiggjere sine handlingar på, og at dei er overtydde om at dei ikkje gjer noko gale.

– Det går veldig mykje i tankar som at barn ikkje tek skade av det, at dei var forsiktige, at det ikkje var grove overgrep, eller at barnet likar det.

Difor er det viktig at terapeutar jobbar direkte med å få dei til å tenke annleis og forstå alvoret og skadeomfanget dei påfører barna, avsluttar Grøndahl.

AKTUELT NÅ