NRK Meny
Normal

– Norwegian kjem til å snu aksjestupet

Etter ein dyster kvartalsrapport sank Norwegian sine aksjar med rundt 10 prosent i dag, og Bjørn Kjos varslar kutt. Men i 2015 vil alt bli mykje betre, meiner flyanalytikar.

Bjørn Kjos

Bjørn Kjos varslar kutt i Norwegian etter at selskapet gjekk på eit underskot på ein milliard kroner i fjerde kvartal av 2014. Men han trur 2015 vil bli betre, og får støtte frå flyanalytikar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det var ein svak rapport, og svakare enn venta. Så dei estimata som vart lagde til grunn for verdsettinga av aksjen, dei går litt ned. Og det er årsaka til kvifor aksjekursen gjekk ned i dag, forklarer analysesjef i Fondsfinans, Ivar Andreas Lemmechen Gjul.

Ivar Andreas Lemmechen Gjul

Ivar Andreas Lemmechen Gjul trur 2015 vil bli eit langt betre år enn det 2014 var for Norwegian.

Norwegian gjekk i fjerde kvartal av 2014 med over ein milliard i underskot, trass ei omsettingsauke på 25 prosent. Fondsanalytikaren meiner årsaka er tredelt: I tillegg til at fjerde kvartal er eit sesongmessig dårleg kvartal, så var låge billettprisar, ei svak norsk krone og eingongseffektar avgjerande.

Konsernsjef i Norwegian, Bjørn Kjos, måtte på ein pressekonferanse innrømme at 2014 vart eit dårleg år for selskapet, men forsøkte også å overtyde dei frammøtte journalistane om at alt kom til å bli betre i 2015.

– Nye ruter kostar

Og han får støtte frå Gjul, som har trua på at den negative trenden vil snu.

– Marknadsbalansen vert betre, fordi dei kjem til å vekse mykje mindre til neste år enn det dei gjorde i 2014. Det vert også lågare prisar på drivstoff, og billettprisane vil auke.

Norwegian har i 2014 oppretta mange nye rutetilbod, og analytikaren meiner desse nye rutene først vil slå ut positivt for selskapet i 2015.

– Med ei gong ein etablerer ei rute, så må ein gjere tiltak for å kome seg inn på marknaden. Det gjer ein ved å sette ned prisane, og marknadsfører på pris. Men i år to på den ruta har ein etablert eit kundegrunnlag, og då kan ein ta ut ein høgare billettpris. Så i 2015 vil prisnivået bli endå høgare enn i 2014, seier Gjul.

Norwegian-fly

Norwegian har opna mange nye ruter i 2014, det kan ha straffa seg i fjor, men skape gode inntekter i år, meiner flyanalytikar.

Foto: Nilsson, Johan / NTB scanpix

– Vanskeleg å tene pengar i flybransjen

– SAS har også hatt store økonomiske utfordringar. For folk flest kan det verke som at flyselskap slit med å gå i pluss i Noreg?

– Flybransjen er ein bransje som er prega av konstant overkapasitet. Bransjen har ein kombinasjon av kapitalintensiv industri, sterke fagrørsler og ei prissetting som vert styrt av tilbod og etterspurnad. Så om kapasiteten er for høg, så er prisane låge, og då tener ein ikkje pengar. Det er den generelle utfordringa, meiner analytikaren.

Bjørn Kjos varslar i dag kutt i kostnadane og meir effektivitet for å klare å snu på flisa.

– Me må vere førebudde på å møte den situasjonen. Me må kutte kostnadane og få opp produktiviteten. Me må rett og slett bli meir effektive, seier Kjos til NTB.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger